26. juni 2015

Skjebnekampen!

I kveld kan VM-konkurransen bli avgjort! Ikkje fordi det blir delt ut poeng i nokon av kvartfinalane, men fordi spesielle utfall av kampane i kveld, vil føra til avklaring på om kven som framleis er med i kampen om kven som blir verdsmeister.

Slik er stoda:
Elisabeth (6 poeng) har tippa Frankrike som verdsmeister og Geatane Thiney, Frankrike som toppskårar. Viss Tyskland vinn kvartfinalen mot Frankrike i kveld, endar Elisabeth opp på 6 poeng, som anten gir siger åleine, eller saman med andre.

Knut R. (5 poeng) har Tyskland som VM-vinnar. Han hadde Marta som toppskårar, og har altså framleis mulegheita på seks poeng viss Tyskland vinn i kveld.

Janniche (4 poeng) må heia på Tyskland i kveld! Ho har dei som VM-vinnar, pluss at ho tippar Celia Sasic som toppskårar. Sasic leiar toppskårartabellen med fem mål så langt, det same har Anja Mittag, også ho frå Tyskland. Janniche kan få tilsaman seks poeng.

Martha (3 poeng) har USA som VM-vinnar og Abby Wambach som toppskårar. Abby har berre skåra eitt mål så langt, men kjem USA langt nok er høvet der til å putta fleire. Viss desse tipsa går inn har Martha fem poeng, men ho har ein JOKER! Martha har nemleg tippa 11 mål i den kampen med flest mål, og det tipset står seg etter at Sveits slo Equador 10-1 fredag 12. juni!!!

Så tar eg med to personar som framleis har ein teoretisk mulegheit til å få seks poeng:
Hanne Kristin (4 poeng) har Marozsan frå Tyskland som toppskårar. Så langt har ho eitt mål. Hanne Kristin tippar USA som vinnar.

Anett (4 poeng) har også USA som vinnar, og Rodriguez frå USA som toppskårar. Så langt har ho skåra eitt mål.

Så då er alt servert; lukke til med kampane! Trur Tyskland-Frankrike i kveld blir ein gysar!

Svar spørsmål 5: Kvartfinalelaga

Det kunne delast ut tilsaman 80 poeng i spørsmål fem, ettersom kvar av oss skulle tippa fire lag som gjekk til kvartfinale. 49 tips gjekk inn, mens me bomma på 31. Først og fremst var det Brasil- og Noreg-tipsa som førte til det siste.

Éin person fekk full pott i dette spørsmålet, nemleg Mette - gratulerer, bra jobba!
Åtte personar fekk inn tre poeng, ti fekk to poeng, mens den siste fekk éin rett.

Her er laga som har kome seg til kvartfinale i VM, med oppsettet for kampane i helga:

Fredag 26. juni 
Kl. 22:00: Tyskland-Frankrike
Kl. 01:30: Kina-USA

Laurdag 27. juni
Kl. 22:00: Australia-Japan
Kl. 01:30: England-Canada

Vinnarane av dei to første kampane, møter kvarandre i den første semfinalen tysdag 30. juni kl. 01:00, mens dei to siste møtest i semifinale onsdag 1. juli kl. 01:00.










 

23. juni 2015

Svar spørsmål 8: Ada Stolsmo Hegerberg

Noreg skåra ni mål totalt i VM.

Halvparten av oss tippa Isabell Halvorsen som norsk toppskårar. Ho starta jo veldig lovande med to mål i første kampen mot Thailand. Sidan blei det ikkje fleire.

Med sitt mål i åttedelsfinalen, landa også Solveig Gulbrandsen på to mål, etter at ho også netta éin gong i 3-1-sigeren mot Elfenbenskysten. Men ingen tippa henne som toppskårar.

Trine Rønning og Maren Mjelde skåra eitt mål kvar; ingen var tippa som toppskårar.

Dei tre siste måla blei skåra av Ada Stolsmo Hegerberg, og dermed blei ho den mestskårande for Noreg i dette VM. Fire personar kan notera eitt poeng i spørsmål 8!

Andre spelarar me hadde tru på som toppskårar, men som ikkje laga mål, var Elise Thorsnes (tre tips), Lene Mykjåland (to tips) og Nora Holstad Berge (eitt tips).


Svar spørsmål 7: b) Tap i åttedelsfinale

Det var så mange av oss som hadde håpa på norsk jubel i dette VM! Seks tippa Noreg heilt til finale, av desse tippa to oss som verdsmeistrar og fire at me skulle ta sølv. 

Like mange - altså seks - trudde på norsk exit først i semifinalen. Og jammen var det ikkje seks som hadde håp om kvartfinale, og trudde det blei tap der.

Éin tippar var veldig pessimistisk og hadde ikkje håp om vidare avansement etter gruppespelet.

Då står me igjen med eitt tips som gjekk inn, nemleg tap i åttedelsfinale. Den var det Ingeborg Hovland, sjølv tidlegare landslagsspelar, som tippa rett på. Gratulerer til deg!

20. juni 2015

Spørsmål 5 - Kvartfinalelaga

Laurdag kveld, 20. juni - første åttandedelsfinale! Tida er inne for å sjå korleis me har tippa i spørsmål 5 - altså kva lag som vinn åttandelsfinalane og dermed skal spela kvartifnale neste helg.

Eg tar for meg kampane nedafor, og korleis me har tippa. Etter kampar der nokon av våre lag vinn, sender eg ut oppdatert VM-stilling!

Altså:

Laurdag 20. juni kl. 22:00: Tyskland-Sverige 4-1
Tyskland: 19 tips
Sverige: 3 tips
Tre tipparar har tippa både Tyskland og Sverige. Dei er altså sikra eitt poeng etter kampen, men har mista mulegheita til å få fire poeng på spørsmål 5.

Laurdag 20. juni kl. 01:30 + 1 d: Kina-Kamerun 1-0
Ingen har tippa på desse.

Søndag 21. juni kl. 19:00: Brasil-Australia 0-1
Brasil: 13 tips
Australia: Ingen tips

Søndag 21. juni kl. 22:00: Frankrike-Sør-Korea 3-0
Frankrike: 7 tips
Sør-Korea: 1 tips

Søndag 21. juni kl. 01:30 + 1 d: Canada-Sveits 1-0
Canada: 2 tips
Sveits: Ingen tips

Måndag 22. juni kl. 23:00: Noreg-England 1-2
Noreg: 12 tips
England: Ingen tips

Måndag 22. juni kl. 02:00 + 1 d: USA-Colombia 2-0
USA: 15 tips
Colombia: Ingen tips

Tysdag 23. juni kl. 04:00 + 1 d: Japan-Nederland 2-1
Japan: 6 tips
Nederland: 1 tips

Ein person tippa Nigeria, men desse klarte ikkje å koma seg til åttandelsfinale, dermed er sjansen forferdeleg liten til å koma seg til kvartfinale også!

Slik eg har klart å finna ut, så har heile 16 tipparar sjansen til å vinna full pott, altså fire poeng på spørsmål 5.
Dette blir spennande!

18. juni 2015

Svar spørsmål 4: Japan og Brasil

Sju minutt før slutt i kampen mellom Costa Rica og Brasil i natt, kom målet som gjorde at seks personar ekstra i tippinga vår fekk eitt poeng i spørsmål 4. Då putta Fernandes for Brasil, og det reserveprega laget som alt var klare for åttedelsfinale, sikra seg full pott i gruppespelet.



Då jubla også svenskane etter ei heil natt med neglebiting; dei måtte for all del ha bak seg Costa Rica for å koma seg vidare til åttedelsfinale.

Døgnet før hadde Japan gjort minst like mange utskiftingar i sitt lag som møtte Equador, men der kom vinnarmålet fem minutt inn i kampen, og fire som tippa Japan med flest poeng fekk eit litt lettare løp fram mot poenget.


Halvparten av oss tippa altså rett lag med flest poeng etter innleiande gruppe; ikkje verst det!


16. juni 2015

Spørsmål 4 - Land med flest poeng i innleiande kampar

To land kan framleis få ni poeng etter dei innleiande rundane, nemleg Japan og Brasil. I kveld klokka 23 startar Japan sin kamp mot Equador; denne er den første som vil gje svar på om det er ni poeng som blir den høgaste poengsummen.

Eit raskt oversyn viser at mange av oss faktisk har stor tru på at Japan og Brasil blir dei laga som får flest poeng i dei innleiande kampane. Fire tippar Japan, mens seks tippar Brasil.

Før kampen i kveld, er det sju poeng som er den høgaste poengsummen. Den har Tyskland og Noreg. Det betyr at dei to som har tippa Tyskland og dei to som har tippa Noreg, har sjansen på eitt poeng. Det same har dei to som har tippa USA, i og med at USA kan få sju poeng viss dei slår Nigeria i natt.

Dei som er ute av kampen mot poeng i dette spørsmålet, er dei to som har tippa Frankrike (kan få maksimum seks poeng), Canada (fekk fem poeng) og Nederland (fekk fire poeng).

Stillinga i VM-konkurransen

Resultatlista av VM-konkurransen vår!
Som det står i den siste bloggposten; eitt moralsk poeng til dei som tippa VM-vinnar og toppskårar. Dei får ei lita stjerne bak poengsummen sin.

Elisabeth: 6 poeng
Hanne Kristin: 5 poeng*
Anett: 5 poeng*
Odd Erling: 5 poeng*
Janniche: 5 poeng*   
Martha: 5 poeng* 
Knut R.: 5 poeng 
Mette: 5 poeng*  
Mary-Ann: 5 poeng*
Tone: 4 poeng* 
Monica: 4 poeng
Øystein: 4 poeng
Ingeborg: 4 poeng
Inger Marie: 4 poeng
Knut O.: 3 poeng
Christin: 2 poeng
Lise: 2 poeng
Helene: 2 poeng
Målfrid: 2 poeng
Turid: 2 poeng








Svar spørsmål 3: 7 poeng

Sjølv om Noreg ikkje viste seg frå si mest imponerande side i går mot Elfenbenskysten, så blei det siger og tre nye poeng. Svaret på kor mange Noreg fekk etter den innleiande runden, er altså 7 - og HURRA!



Seks av oss kan nå innkassera vårt første poeng i VM-konkurransen!!! Det fortener kake!




Svar spørsmål 2: Emilie Haavi

Så skjedde det altså i går; Noreg fekk sitt første gule kort. I det 52. minutt blei Emilie Haavi ganske så overraska over at det som såg ut til å vera ein heilt grei kamp om ballen, resulterte i eit gult kort.

Og like overraska var nok me i VM-konkurransen, for LSK Kvinner-spelaren var det ingen som såg for seg skulle få dette gule kortet.

Her er forresten provet på at ho fekk det.

Så det betyr, at etter to spørsmål er det framleis null poeng utdelt i VM-konkurransen.

Funfact: Ein tippar meinte at Emilie Haavi kom til å skåra det første norske målet, og at Trine Rønning fekk det første gule kortet. Det blei altså omvendt, og slik sett burde ein kanskje ha delt ut eit halvt poeng, for liksom å vera på sporet av noko. Men HALLO - det er ikkje FIFA som sit og administrerer denne konkurransen!


15. juni 2015

Spørsmål 3 - Norske poeng etter grunnspelet

Før Noregs siste kamp i gruppespelet mot Elfensbenskysten, er det éi stilling som vil føra til at ingen poeng blir delt ut i dette spørsmålet heller. Det er viss det blir uavgjort. Då får i tilfelle Noreg fem poeng, og det er det ingen som har tippa.

Viss det derimot blir norsk siger, og det går vel alle utfrå, så endar opp Noreg opp med sju poeng, og det er det seks pesonar som har tippa.

Det tredje aktuelle resultatet i kveld, tap for Noreg, gjer at me endar opp med fire poeng, og det er det to personar som har tippa.

Tipsa fordelte seg elles slik i dette spørsmålet (tips som før siste kamp altså ikkje vil gå inn):
2 poeng: 1 tips
6 poeng: 9 tips
9 poeng: 2 tips

12. juni 2015

Spørsmål 9 - VMs toppskårar

VM er godt inne i andre runde av gruppespelet, og det er i skrivande stund (12.6) blitt skåra 48 mål. Fire-fem potensielle toppskårarar i VM har peika seg ut. Her er det mange som har funne godfoten, og det burde ikkje vera heilt umogleg at nokon av oss klarer å tippa rett vinnar av toppskårarpokalen i VM.

Spelarar med meir enn to mål - og kor mange tips dei har fått frå oss:
Anja Mittag, Tyskland - 4 mål
Célia Šašić, Tyskland - 3 mål - 1 tips
Gaëlle Enganamouit, Kamerun - 3 mål
Isabel Halvorsen, Norge - 2 mål - 1 tips
Megan Rapinoe, USA - 2 mål

Så tar eg med dei spelarane som har skåra 1 mål så langt, og som me har gitt tips:
Marta Vieira da Silva, Brasil - 1 mål - 6 tips
Asisat Oshoala, Nigeria - 1 mål - 2 tips

Og endeleg: det er ni spelarar me har tippa som toppskårar, som ennå ikkje har funne vegen til nettmaskene!

Marta sitt mål i kampen mot Sør-Korea, var forresten hennar 15. mål i VM-samanheng, og dermed har ho eitt mål meir enn Birgit Prinz frå Tyskland på den lista!

11. juni 2015

Spørsmål 6 - Kampen med flest mål

Då Sasic skåra det første målet for Tyskland mot Elfenbenskysten søndag kveld etter berre tre minutt, og sette sitt andre etter 14 minutt, måtte eg ta fram kuleramma og sjekka ut kva me hadde tippa på spørsmål seks: Kampen i VM der det blir skåra flest mål.

Mittag melde seg på med det tredje tyske målet etter 29 minutt, og berre to minutt etter ordna Sasic sitt hat-trick. Éin av oss tippa fem mål i kampen med flest mål. Med Mittags andre for dagen etter 35 minutt hadde vedkomande inne sitt tips. Så var det pause, men alle forsto vel kanskje at her kom det til å bli meir tysk måljubel.

Fem av oss tippa seks mål i den mest målrike kampen. Me måtte venta til det 64. minuttet før Mittag også fiksa hat trick, og 6-0 var eit faktum.

Farvel seksmåls-klubben! Fem nye hadde tippa sju mål.

Sasic og Mittag hadde gjort sitt for kvelden, men tyskarane hadde fleire med skåringsteft. Laudehr fiksa 7-0 etter 71 minutt. Lite tyda på at det ville stoppa der. Det trudde då heller ikkje fem nye av oss, som tippa åtte mål i same kampen! Det kom berre fire minutt etterpå! Däbritz skåra!

Då var det tre tipsarar som eg skulle fekk trua, for dei hadde faktisk tippa ni mål i kampen med flest mål i VM. Og Tyskland var i storform! Det skulle berre gå fire minutt før Behringer skåra det niande tyske målet.

I seks minutt hadde desse eitt peong inne. Men Popp ville det annleis. Etter 85 minutt skåra ho eit flott mål på frispark, og imponerande ti mål sto i protokollen. Det er det ingen som har tippa av oss.

Skikkeleg tysk skrell mot Elfenbenskysten, men også i konkurransen vår!  Dei som nå har telt opp kor mange tips eg har vore gjennom, vil koma til 19.  Det er éin person som har tippa meir enn ti mål, og er slik sett nærmast poeng på spørsmål 6.

Viss nokon kampar endar med 11 mål, så vil vedkomande få poeng! Følg med!

8. juni 2015

Svar spørsmål 1: Trine Rønning

Kapteinen lurte oss alle! Og kanskje ikkje så rart. For etter at ho ikkje hadde skåra i eitt einaste av dei åtte meisterskapa ho har deltatt i før årets VM, så skåra Trine Rønning det første norske målet i årets VM i Canada.

Som det går fram av oversikten over korleis me tippa i det første spørsmålet, så var det ingen som hadde Trine som første målskårar for Noreg, og dermed blei det 0 poeng på oss alle!

7. juni 2015

Spørsmål 2 - Det første norske gule kortet

Kanskje ikkje det mest sjarmerande spørsmålet dette, men det er veldig målbart, og held oppe litt spenninga sånn i starten. Såg Trine Rønning blei intervjua i Dagbladet i helga, og der blei ho mellom anna omtalt som krigaren! Det meiner tydelegvis vår gjeng også! Heile ni personar tippar at Trine Rønning får det første norske gule kortet.

Slik har me tippa på spørsmål 2, kven får Noreg sitt første gule kort:
Trine Rønning: 9
Gry Tofte Ims: 2
Maren Mjelde: 2
Solveig Gulbrandsen: 2
Nora Holstad Berge: 1
Isabell Herlovsen: 1
Maria Thorisdottir: 1
Lene Mykjåland: 1
Marita Skammelsrud Lund: 1

Spørsmål 1 - Det første norske målet

I kveld er det kick-off i VM for dei norske jentene. Me skal møta VM-debutant Thailand, og det er eit godt håp om at me får avklart det første spørsmålet i konkurransen, nemleg kven som skårar det første norske målet! I vår gjeng er det flest som har tru på at Isabell Halvorsen puttar det første, med Lene Mykjåland og Elise Thorsnes på dei neste plassane.

Slik har me tippa:
Isabell Herlovsen: 7
Lene Mykjåland: 3
Elise Thorsnes: 3
Solveig Gulbrandsen: 2
Ada Stolsmo Hegerberg: 2
Hege Hansen: 1
Emilie Haavi: 1
Gry Tofte Ims: 1

Korfor VM-tips?

Fordi eg kjente eit behov for å ta fotballen tilbake, etter at pampeveldet i FIFA har øydelagt nok. Og så hadde det seg slik at i prosjektet eg har gåande, nemleg bloggen Hovland i 50, der eg skriv oppdatert om det arkiverte, så dukka det opp i veke 22 ein konkurranse eg laga til EM i fotball for menn i Belgia/Nederland i 2000. Eg laga 10 spørsmål den gongen, og tenkte at sjølvsagt! Denne må eg få med meg folk på for VM i Canada for kvinnene. Kvart tips kostar 100 kroner og frist for å melda seg på var fram til start på den første kampen mellom Canada og Kina laurdag 6. juni kl. 00:00. Nokon prøvde å forlenga fristen, men i god anti-korrupsjon-ånd blei det sjølvsagt avvist.

Så nå er det berre å kosa seg!
2000 i potten til den som får flest poeng!

Her på bloggen kan du følgja med korleis det går, heilt fram til dei siste spørsmåla får sitt endelege svar med finalen 5. juli.