Siste heile dagen i København, så no
hoppar eg litt i boka til Barbara Fredrickson, altså! Det ligg jo noko
frigjerande i det også, at ein ikkje slavisk treng å følgja bøkene lengre. Men
det kjennest som om visjonen i Love 2.0 har gått inn, så sjølv om Barbara både
har eit kapittel om kjærleikens biologi og kjærleikens krusningar i del 1, så
skal eg formidla nokon tankar frå del 2 i boka hennar, som ho har kalla
Vegleiinga.
Stikkordet er Loving kindness,
nestekjærleik på norsk, og målet er lovande nok: å gje deg konkrete verktøy for
å utvida krinsen av menneske som du vil dela kjærleik, varme og ømheit med. Ho
kallar øvinga sine korte, ikkje i tydinga at det naudsynleg tar kort tid å
gjennomføra dei, men at kort viser til at øvingane kan forvandla merksemda di
på ein augneblink! Ja, takk.
Utgangspunktet for mange av øvingane er
dette: når, kor og med kven opplever du kjærleik? Du vel dei øvingane som
passar deg, og knyt gjerne gjennomføringa av dei til noko anna du gjer. Til
dømes: Viss (eg går ut med bosset), då skal eg (gjera den og den øvinga). Dette
har synt seg å vera veldig effektivt når ein skal gjennomføra nye øvingar.
Ho minner oss om dette før me startar:
Kjærleikspotensialet ute der er uavgrensa! For det første er det positive
kjensler overalt, og desse er definitivt meir utbredde enn negative. For det
andre er mulegheitene for sosialt samkvem uendelege, og kjærleik kan oppstå og
gje næring til alle desse møta.
Barbara kallar nokon øvingar førebuande
øvingar, som det er ei meining at du skal gjera på eiga hand. Kvifor på eiga
hand, når poenget er positiv gjenklang, spør du kanskje, og Barbara stiller det
same spørsmålet, og svarar godt på det. For det handlar om å koma inn til noko
som er oppriktig. Her handlar det ikkje om å læra seg kroppsspråk og måtar å
smila på som ein gjer på eit smilekurs. Slik tillært åtferd kan føra til
mistanke som utløyser forsvarsmekanismane våre, seier ho. Verknaden av ekte,
vennlege smil er heilt annleis, og det er berre ekte smil som stimulerer dei
musklane i kinnet som skapar (eller forsterkar) smilerynker rundt augo. For å
lukkast med positiv gjenklang, må dei positive kjenslene koma innanfrå og ut.
Ho siterer Cicero i at det handlar om å vera, heller enn å framstå som. Ifølgje
den same Cicero er det øydeleggjande med smiger, eller falske utsegn som
medvite er utforma for å tilfredsstilla.
Så er det ei erkjenning at det tar tid å
utvikla ekte kjensler, og at dette også er eit argument for å gjera øvingane på
eiga hand. Det handlar om å leggja til rette hjå seg sjølv først for at positiv
gjenklang kan oppstå.
Den første øvinga handlar om at du skal
tenkja over dei sosiale møta dine. Dette kan høyrast veldig enkelt ut, men med
utgangspunkt i forskinga si lovar Barbara at dette kan utløysa store positive
omveltingar for velværet ditt og for helsa di. Ho nemner mellom anna eit
doktorgradsprosjekt som ein av studentane hennar gjennomførte, der til og med
personane i kontrollgruppa opplevde ein positiv respons som kom veldig
overraskande på forskarane. Det syner seg at berre det å tenkja tilbake på
dette spørsmålet om sosiale samband gav kroppen ei påminning om evna me har til
å elska.
Altså – du skal ta for deg to utsegn, og
vurdera kor sanne dei er:
1)
Under desse møta kjente eg meg
på bølgjelengde med personen/personane rundt meg.
2)
Under desse møta kjente eg
nærleik til personen/personane
Ranger dei frå 1-7, der 1 tyder ikkje sant i det heile tatt og 7 veldig sant.
Skriv ned resultata, på akkurat den måten
du ønskjer. Så kan du over tid mellom anna sjå om rangeringa endrar seg i møtet
med personar.
Ta for deg tre lengste sosiale møta du
hadde ein dag. Det kan godt vera at same personen blir med i fleire av desse.
Dette bestemmer du. Poenget er at du tenkjer over når, kor og med kven du
opplever kjærleik.
Siste kvelden i København, og eg skal unna
meg ein ekstra tur i Tivoli. Etter denne veka i København, er det positiv
gjenklang som er målet når eg no skal rusla rundt i dansk julestemning. Det har
hatt ein veldig spesiell effekt på meg dette, og eg oppsummerer i ein tekst på
veg heimover i morgon.
PS: Barbara Fredrickson inviterer deg også
til nettsida http://positivityresonance.com/