For ei fantastisk løysing! Når ein har vondt i foten og ikkje kan sykla på denne vakre øya, så er bussrail tingen. Sju dagars busspass for 500 kroner. Genialt.
Bussrute 3 tok meg til Svaneke på austsida av øya, og eg forelska meg i stemninga og atmosfæren. Og historia om mor og son Bülow. Meir om det sidan.
...
Om å reisa åleine.
Berre éin? er spørsmålet når eg går inn på ein restaurant og skal ha middag. Ja, berre éin, poengterer eg. Før heldt eg meg unna restaurantar sånn på kveldstid for det var så veldig tydeleg at ein var aleine, der alle dei andre borda var fyllt opp med par, eller vener ute i godt lag. Derfor har eg gjort unna dei varme måltida tidleg, gjerne på ein kafé. Men i dag var klokka 18 då eg tok inn på ein restaurant; blitt tøffare med andre ord:-)
Kvifor reiser ein åleine? Det lettaste svaret er at ein er singel og ferie er noko folk gjer med kjærast eller familie. Eller vener, men er venene i parforhold, så er ikkje det førstevalet.
Andre gonger inviterer livet ein til å møta seg sjølv. Kjenna på ting som ein tidlegare ikkje ville ha vore i stand til å kjenna på. Anten fordi livet var for travelt, eller fordi ein ikkje ville gå inn i tinga. Eg har hatt behov for å finna ut kven eg er, rett og slett, kva eg likar. Eller kjenna på einsemda. Ikkje flykta. Tåla å sørga over det som gjekk som det gjekk.
Kjenna på det tomme.
Men også kjenna på styrken av at eg har kraft til å fylla opp det tomme med nytt liv.
Mitt liv!
Bornholm - og Svaneke - er inspirerande. Øya er full av menneske som skaper nytt liv i liva sine.
Og på toppen av alt: Svaneke Rögeri, med røykt sild som smelta på tunga, og med intens røykelukt i lokalet. Det er ikkje fake her!