13. juli 2013

Hagedag

Scenen: Ein stor, livgjevande hage på ein gard der det har vore liv sidan 1500-talet. Med sol frå blå himmel heile dagen, blei eg sitjande der, time etter time. Fordøya inntrykka frå ei flott veke på Bornholm, og samla krefter til fotballdagar i Kalmar. Har også eit mål om å koma i mål med spennande spionthriller av Frederick Forsyth.
...
Folk kjem til og frå, og i kveld var det hyggeleg selskap av Ragnhild frå Lofoten som studerte sjukepleie i tre og eit halvt år på Bornholm. Ho lærte meg endeleg tankegangen bak danskane sin femsar og tredsar, altså teljemåten.
...
Eg skal tilbake til Bornholm!

12. juli 2013

Dagstur bussrute 4 - Gudhjem og Hasle

På ferie vaknar ein opp kvar dag, og har så mange alternativ å velja mellom! Kunsten er å prioritera, og eg har det best når eg går i dybden. I dag har eg vandra i målaren Oluf Høst sitt rike. Og lært litt meir om biletkunst.

Fødd i Svaneke på Bornholm, var sjømann nokre år, men det var kunsten som interesserte han. Var lenge i København, men flytta etterkvart til Gudhjem, der han bygde ein heim som nå er museum. Sjeldan eg blir så betatt av bilete. Han var eit kjenslemenneske, opptatt av å finna dei stadene som kunne gje han ro. Og han fann seg mellom anna eit gardsrom, som han brukte som utgangspunkt for meir enn 100 bilete.

Ein flott film er laga om han og som dei viser i museet. Naturpsalmisten heiter den. Han brukte naturen til å gje uttrykk for kjenslene sine.

Kona Hedvig traff han i København, ho kom frå ein rik familie der, og ho hadde også talent som målar. Men ho måtte legga den karriera på hylla etterkvart. Og blei psykisk sjuk. Ho var ofte nede, grein mykje. Det tålte han ikkje.

Alt for kunsten.

11. juli 2013

Ein lat dag

Som ein også må ha på ferie. Eit museum måtte eg innom i Rønne, og elles følgte eg Norge sin første kamp i EM mot Island på norsk radio. For gale at me skulle misse sigeren i dei siste minutta, men heldigvis blei det uavgjort mellom Nederland og Tyskland også.
...
Dei to neste kampane til Norge får eg med meg i Kalmar!

10. juli 2013

Dagstur Aakirkeby

Ein ny lur idé: klyppekort til seks museum på øya. I går var det den menneskelege biletkunsten, i dag naturens eigne underverk på NaturBornholm i Aakirkeby, ein av dei større byane på øya.

Ei fascinerande reise gjennom geologi, og der det fysisk rista i salen då filmen på lerretet mellom anna tok for seg jordskjelv i historia. Dei meiner at det har vore dinosaurar på Bornholm. Og ein annan interessant ting; når du står litt nedafor senteret her, så kan du stå med den eine foten på 1700 millionar år gamal gneis, og med den andre på 500 millionar år gamal sandstein. Ein skrever altså over 1,2 milliardar år. Det blir kalla den fennoskandinaviske brotsona, så det så.

Rart med slike besøk. Det er så mykje informasjon, men så tar ein med seg litt vidare som gjer at ein forstår litt meir.
...
På ein fascinerande liten blomstercafé i byen, blei eg servert av ei kvinne som hadde full kontroll med kaffi og kake, men då ho slo inn 44 kroner og eg gav henne ein femtilapp, fekk ho problem. Ho prøvde å finna noko å skriva på, men eg tipsa henne om at eg skulle ha seks kroner igjen. Seks? spurde ho for å forsikra seg. Eg nikka stadfestande.

Arbeid er rota til alt godt.

9. juli 2013

Dagstur bussrute 2 - Sandvig/Allinge

Frisk og utkvilt vaknar eg til ein fantastisk fuglekonsert utafor rommet. Det same møter meg om kvelden etter ein ny dag med masse inntrykk, ny kunnskap og endå meir sjelefred. God idé viser det seg å ha eit utgangspunkt for dagsturar.

Rute 2 er svart på kartet, og den bornholmske biletkunsten er første mål, i det fine Bornholm kunstmuseum. Olav Høst er den store målaren frå Bornholm.

Så er dei litt søte, desse danskane. Det er jo så flatt her, men Bornholm har noko som minnar om fjell i nord, og ved sida av kunstmuseet ligg Helligdomsklippene, visstnok ei fabelaktig kyststrekning. Og det er jo flott det vesle eg ser, men har nok sett det meier fabelaktig i Norge.

Då er det meir stas over Hammershus, nesten heilt nord på øya. Dette er Nordeuropas største borgruin, og den får fantasien i sving.

I byane Sandvig og Allinge, som med tida har smelta saman  til to, er det berre å nyta å rusla rundt i eit herleg stykke Danmark. Eg dumpar oppi ein marknad nede på Strandpromenaden, og lurer på kven i all verda som kjøper dette skramleriet? I Allinge er det jazzfestival og det høyrest ut som om publikum klappar der dei skal.

10 dagar på ferie - som eit lite liv i miniatyr.

8. juli 2013

Dagstur bussrute 3 - Svaneke

For ei fantastisk løysing! Når ein har vondt i foten og ikkje kan sykla på denne vakre øya, så er bussrail tingen. Sju dagars busspass for 500 kroner. Genialt.

Bussrute 3 tok meg til Svaneke på austsida av øya, og eg forelska meg i stemninga og atmosfæren. Og historia om mor og son Bülow. Meir om det sidan.
...
Om å reisa åleine.
Berre éin? er spørsmålet når eg går inn på ein restaurant og skal ha middag. Ja, berre éin, poengterer eg. Før heldt eg meg unna restaurantar sånn på kveldstid for det var så veldig tydeleg at ein var aleine, der alle dei andre borda var fyllt opp med par, eller vener ute i godt lag. Derfor har eg gjort unna dei varme måltida tidleg, gjerne på ein kafé. Men i dag var klokka 18 då eg tok inn på ein restaurant; blitt tøffare med andre ord:-)

Kvifor reiser ein åleine? Det lettaste svaret er at ein er singel og ferie er noko folk gjer med kjærast eller familie. Eller vener, men er venene i parforhold, så er ikkje det førstevalet.

Andre gonger inviterer livet ein til å møta seg sjølv. Kjenna på ting som ein tidlegare ikkje ville ha vore i stand til å kjenna på. Anten fordi livet var for travelt, eller fordi ein ikkje ville gå inn i tinga. Eg har hatt behov for å finna ut kven eg er, rett og slett, kva eg likar. Eller kjenna på einsemda. Ikkje flykta. Tåla å sørga over det som gjekk som det gjekk.

Kjenna på det tomme.
Men også kjenna på styrken av at eg har kraft til å fylla opp det tomme med nytt liv.
Mitt liv!

Bornholm -  og Svaneke - er inspirerande. Øya er full av menneske som skaper nytt liv i liva sine.

Og på toppen av alt: Svaneke Rögeri, med røykt sild som smelta på tunga, og med intens røykelukt i lokalet. Det er ikkje fake her!

7. juli 2013

Sassnitz-Rønne, Bornholm

Seks kilometer til fots, det tok to timar i mitt nåverande tempo, så kom eg til ferjehamna i Sassnitz. Heile tida syklistar som passerte, og her har eg lyst å koma tilbake nettopp på sykkel.

Ferjeoverfart i tre og ein halv time og enda ein gong blir eg overtydd om at foreldreskap er eg litt glad for at eg slepp i dette livet.

Rønne er altså hovudstaden på Bornholm. Har funne meg eit rom som eit ektepar leiger ut på garden sin. Grønt og deileg, og stille. Fekk låna ein sykkel og tok turen til Netto for å handla. Det skal bli meir sykling her!

Eg er i rørsle igjen, det er fint.

6. juli 2013

Lübeck-Sassnitz

Det er nokre språk eg har vore innom, som eg i dag kjenner er veldig døde, altså. Men så kjem det stunder der ting blir henta fram frå ein eller annan stad i hjernen, og som gir håp.

I dag hadde eg fått ei fin rute som skulle ta meg med toget frå Lübeck til Sassnitz, heilt nord på den tyske øya Rügen i Tyskland. Første etappe gjekk fint, men toget vidare var først fem, så ti, femten, til slutt 25 minutt forseinka. Neste tog venta Ikkje, og alle meldingar om vidare forbindelsar gjekk på tysk. Du set di lit til at du forstår eit par ord, og til slutt kjem ein seg fram!

Til Austersjøen i eit fantastisk vær, og ein liten by som tyskarane har valfarta til for å få sol og varme i mange, mange år. Borti her ligg ferjehavna som i morgon skal ta meg til Bornholm. Ein lenge etterlengta draum om endeleg å få besøka den øya.

5. juli 2013

Lübeck

Det er ein fare med alderen ein er komen i, at alt skal vera så behageleg. Men i Lübeck er eg veldig glad for at eg ikkje blei frista av fine hotell, men rett og slett tok inn på ein sovesal med åtte senger. Nå er det berre to som er i bruk, så det var jo greitt, men poenget; ved å bu her så er ein plutseleg i hjarta av Lübeck, med spor av den arkitekturen som gjer at byen er blant verdas kulturarv. Gateløpa rundt her har stort sett vore dei same i 850 år!

Marsipan, Willy Brandt, Günther Grass, ølfestival, Thomas Mann er sånt som kan vera greitt å vita til ein eller annan quiz.

Men dagens beholdning: Nedi gata her ligg Lübeck Musikhochschule (eller nok sånn). I kveld skulle ein av professorane visa fram talenta sine. Du verda! For nokre stemmer, og ei av dei var norsk, Sunniva Eliassen. Flott alt som alt har gjort mykje flott, les eg på bloggen hennar. Sopranen Oksana Pollani tok meg med storm. Kor i all verda kjem all den musikken frå?

4. juli 2013

København-Lübeck

Dette kjem eg heile tida tilbake til; at livet ikkje er ein oppdagingsprosess, men ein skapeprosess! Det handlar altså ikkje om å finna eitt eller anna mantra, som ein skal leggja framføre seg og seie: Her er det! Reisa er over, nå er du i mål.
Kva ville det ha vore for eit liv, eigentleg?

Universet utvidar seg heile tida, seier astronomane.
DET er interessant! Er det vår vekst?

Utfordringa med skapeprosessar, er at ein må vita kor ein vil. Og samtidig lausriva seg fra alle dei som har ei mening om kva veg ein skal gå. Kva som er best for ein.
Eg er så redd for dei som har så mange planar for meg.

Og det er så vanskeleg å tvinga seg til å vera stille.
Stille så eg kan høyra hjarta mitt svara.
Stille så eg kan høyra kva hjarta mitt svarar når eg har sendt ut eit ønske.

Det mest forvirrande er når eg høyrer så mange stemmer.

Kva er hjartestemma?
Sit eg her og tenker på ferja frå Danmark til Tyskland. Lang ferje, for toget er ombord. Til nå har eg varma opp i København. Nå startar loffinga i Austersjøen.

Er eg stille, høyrer eg kanskje hjartestemma.

3. juli 2013

København

One of those days.
...
Rar muskulatur etter å ha halta rundt i fleire veker.
Så siste dagen i København har eg gått veldig sakte rundt i gatene.
Fint for sjela det.

2. juli 2013

Dagstur til Helsingör

Idéar som kan koma: Besøka alle underverka på UNESCO si verdsarvliste!
Vil så klart ikke få med meg alt, innser jo det. Men det kan jo vera eit interessant mål å styra mot.
Ikkje minst fordi dei stadene eg alt har fått med meg på andre turar gjorde så uendeleg inntrykk.

Og så er jo livet slik, og det er også temaet for denne reisa - at når du har sådd eit frø; eit ønske eller ein intensjon, så forsyner det deg. Du må berre opna deg, for inspirasjon, dei små augneblinkane, som fortel deg at du i dag, sjølv om du trudde du skulle til Tivoli i København, heller tar turen til togstasjonen, betaler togbillett til 108 kroner (9 soner) til Helsingør. Og når du tar turen innom turistinformasjonen i Helsingør, så plukkar du med deg ei turistbrosjyre for Kronborg slott.

Eg les: Eitt av Nordeuropas mest betydelege renessanseslott. Og det mest berømte danske slott, kjent verda over for Shakespeares Hamlet (hm - fullstendig ukjent for meg!)
Og: Kronborg blei i år 2000 tatt opp til UNESCO si liste over verdas kulturarv! Prosjektet mitt er med andre ord i gang. Og Lübeck, som eg reiser til om to dagar, er også på lista.
...
Det blir meir om Hamlet seinare, og hans dilemma, som framleis er aktuelt.

1. juli 2013

København

Den store bokbutikken der eg tidlegare har funne så mykje livgjevande materiale, var ikke der. Og ein annan bokkafé var også erstatta med andre ting. København er i endring. Som alt anna. Men Cafe Blå Time held stand. Her kunne eg ha budd.
...
Så mange liv. Så mange måtar å leva livet på. Her er det om å gjera å halda tunga beint i munnen.

30. juni 2013

Stavanger-København

Loffa rundt Austersjøen i ferien.
Gler meg til å ta inn livet.
...
Tungemålet heime på bussen er oftare og oftare polsk.
Eg får lyst å læra meir. På favorittkafeen Paludan finn eg ei interessant bok om Polen.
Ein gong var Polen det største landet i Europa. I ein annan periode som strekte seg over 123 år, eksisterte ikkje landet. Stormaktene rundt hadde forsynt seg av det.
...
Har installert meg på Carsten's Guest House, rom 1. Har vore her før. Fint.