Dei fleste som las bloggposten frå 26. juni, med oversikt over korleis me hadde tippa før utdelinga av dei siste poenga, vil ha fått med seg utfallet.
Gratulerer til de 7 (Tone, Hanne, Anett, Odd Erling, Martha, Mette og Mary-Ann) som hadde USA som rett vinnar! Eg har tenkt over i ettertid at ein annan gong ville eg ha ordna konkurransen slik at den som hadde tippa rett vinnar, ville ha fått to poeng for det svaret. Det same ville eg kanskje ha gjort for spørsmålet om toppskårar, som kanskje er det som er vanskelegast å tippa av alle. Men Janniche klarte det, då ho tippa Celia Sasic frå Tyskland som skåra seks mål. Etter Carli Lloyd sitt fantastiske hat trick i finalen for USA, enda også ho opp med seks mål, men Celia fekk gullballen fordi ho hadde spelt færre minutt enn Carli.
Det siste spørsmålet som blei avgjort i finalen, var kampen med flest mål. Martha låg inne med vinnartipset på 11 mål, og med sju mål i finalen, så låg det på ein måte an til at den kunne bli slått. Men gratulerer Martha, med det tipset!
Med eit slags moralsk bonuspoeng til dei som tippa rett vinnar og rett toppskårar, ville me faktisk ha vore ni som hadde fått seks poeng i konkurransen!!! Men slik det blei, så sto Elisabeth (som altså er ho som organiserte konkurransen og samla inn pengane - eg ser den!) altså åleine som vinnar. Då eg inviterte til denne konkurransen første gong i 2000, så fekk eg også seks poeng, men då var det andre som fekk både sju og åtte poeng.
Men la meg nå først og fremst få takka alle for innsatsen! Målet med konkurransen var å få folk litt interessert, og viss du hadde det som meg, så fekk VM i Canada eit ekstra svung over seg med denne konkurransen! Og eg synest det var ekstra kjekt med dykk som i utgangspunktet ikkje var så interesserte, men som eg har forstått gjekk til verket med intens googling på jakt etter dei gode svara!
Her er forresten den siste poenglista.
Og her kan du sjå gratulasjonane president Obama sende til dei amerikanske fotballkvinnene etter sigeren!
Legg gjerne igjen ein liten kommentar i kommentarfeltet til denne saka om korleis VM har vore for deg!
Og god sommar til alle!