20. desember 2016

(7) Trening må til!



Siste heile dagen i København, så no hoppar eg litt i boka til Barbara Fredrickson, altså! Det ligg jo noko frigjerande i det også, at ein ikkje slavisk treng å følgja bøkene lengre. Men det kjennest som om visjonen i Love 2.0 har gått inn, så sjølv om Barbara både har eit kapittel om kjærleikens biologi og kjærleikens krusningar i del 1, så skal eg formidla nokon tankar frå del 2 i boka hennar, som ho har kalla Vegleiinga.

Stikkordet er Loving kindness, nestekjærleik på norsk, og målet er lovande nok: å gje deg konkrete verktøy for å utvida krinsen av menneske som du vil dela kjærleik, varme og ømheit med. Ho kallar øvinga sine korte, ikkje i tydinga at det naudsynleg tar kort tid å gjennomføra dei, men at kort viser til at øvingane kan forvandla merksemda di på ein augneblink! Ja, takk.
Utgangspunktet for mange av øvingane er dette: når, kor og med kven opplever du kjærleik? Du vel dei øvingane som passar deg, og knyt gjerne gjennomføringa av dei til noko anna du gjer. Til dømes: Viss (eg går ut med bosset), då skal eg (gjera den og den øvinga). Dette har synt seg å vera veldig effektivt når ein skal gjennomføra nye øvingar.

Ho minner oss om dette før me startar: Kjærleikspotensialet ute der er uavgrensa! For det første er det positive kjensler overalt, og desse er definitivt meir utbredde enn negative. For det andre er mulegheitene for sosialt samkvem uendelege, og kjærleik kan oppstå og gje næring til alle desse møta.

Barbara kallar nokon øvingar førebuande øvingar, som det er ei meining at du skal gjera på eiga hand. Kvifor på eiga hand, når poenget er positiv gjenklang, spør du kanskje, og Barbara stiller det same spørsmålet, og svarar godt på det. For det handlar om å koma inn til noko som er oppriktig. Her handlar det ikkje om å læra seg kroppsspråk og måtar å smila på som ein gjer på eit smilekurs. Slik tillært åtferd kan føra til mistanke som utløyser forsvarsmekanismane våre, seier ho. Verknaden av ekte, vennlege smil er heilt annleis, og det er berre ekte smil som stimulerer dei musklane i kinnet som skapar (eller forsterkar) smilerynker rundt augo. For å lukkast med positiv gjenklang, må dei positive kjenslene koma innanfrå og ut. Ho siterer Cicero i at det handlar om å vera, heller enn å framstå som. Ifølgje den same Cicero er det øydeleggjande med smiger, eller falske utsegn som medvite er utforma for å tilfredsstilla.

Så er det ei erkjenning at det tar tid å utvikla ekte kjensler, og at dette også er eit argument for å gjera øvingane på eiga hand. Det handlar om å leggja til rette hjå seg sjølv først for at positiv gjenklang kan oppstå.

Den første øvinga handlar om at du skal tenkja over dei sosiale møta dine. Dette kan høyrast veldig enkelt ut, men med utgangspunkt i forskinga si lovar Barbara at dette kan utløysa store positive omveltingar for velværet ditt og for helsa di. Ho nemner mellom anna eit doktorgradsprosjekt som ein av studentane hennar gjennomførte, der til og med personane i kontrollgruppa opplevde ein positiv respons som kom veldig overraskande på forskarane. Det syner seg at berre det å tenkja tilbake på dette spørsmålet om sosiale samband gav kroppen ei påminning om evna me har til å elska.

Altså – du skal ta for deg to utsegn, og vurdera kor sanne dei er:

1)      Under desse møta kjente eg meg på bølgjelengde med personen/personane rundt meg.
2)      Under desse møta kjente eg nærleik til personen/personane

Ranger dei frå 1-7, der 1 tyder ikkje sant i det heile tatt og 7 veldig sant.
Skriv ned resultata, på akkurat den måten du ønskjer. Så kan du over tid mellom anna sjå om rangeringa endrar seg i møtet med personar.

Ta for deg tre lengste sosiale møta du hadde ein dag. Det kan godt vera at same personen blir med i fleire av desse. Dette bestemmer du. Poenget er at du tenkjer over når, kor og med kven du opplever kjærleik.

Siste kvelden i København, og eg skal unna meg ein ekstra tur i Tivoli. Etter denne veka i København, er det positiv gjenklang som er målet når eg no skal rusla rundt i dansk julestemning. Det har hatt ein veldig spesiell effekt på meg dette, og eg oppsummerer i ein tekst på veg heimover i morgon.

PS: Barbara Fredrickson inviterer deg også til nettsida http://positivityresonance.com/

19. desember 2016

(6) Gudegneisten hjå Arne Næss



Det fine med å reisa bort og vekk frå den vanlege tralten der veldig mange ting eigentleg tar opp mykje tid, er at ein får tid til å gå gjennom noko så prosaisk som gamle notat. Dette året har eg lese ein del litteratur om Arne Næss og gjennom det også fått tilgang til ein del tekstar av filosofen Spinoza, som levde på 1600-talet. Boka Et liv av Truls Gjefsen er ein fin inngang til Arne Næss sitt liv. Det er i denne boka eg finn dette sitatet:

«Den naturen som Gud utfolder seg i er også en skapende natur. Alt levende søker å realisere sitt innerste vesen, gjør vi det ikke utvikler vi passive affekter som låser oss og gjør oss ulykkelige. Når vi derimot lykkes i å omforme passive affekter til aktive føler vi en dyp glede, vi er på vei mot den selvrealisering som gjør oss frie, paradoksalt nok, for den handler om å handle utfra det nødvendige i vår natur.»

Eg legg også merke til at Næss sine kritikarar påpeikar det påfallande i korleis Næss definerer bort gud og det djupt religiøse hjå Gandhi, som Næss også var inspirert av, og Spinoza. Men Næss var opptatt av korleis liva til desse og tekstane deira kunne hjelpa han i leitinga etter sanninga, og då særleg den frigjerande sanninga om vår plass i økologien.

Det er dette Jakta på Gudegneisten handlar om, tenkjer eg. At me må få tilgang til dette inste vesenet i vår natur, som også Barbara Fredrickson hjelper oss til på sin måte.

Alt heng saman med alt, som Gro ville ha sagt.

18. desember 2016

(5) Danskane lengtar også!



I Jakta på Gudegneisten her i København blir alle sansar opna når ein er først er i gang med eit slikt prosjekt. I dag tok eg sekken fatt og vandra til Christiania, denne fristaden i København. Det gjer så godt å rusla rundt her, etter at eg i går forvilla meg inn på eit varehus overfylt av TING og tenkte i mitt stille sinn: Kva i all verda er det me held på med?

Men altså Christiania og ein kikk gjennom dagens aviser. Då er livet fint! I Ekstra Bladet fell merksemda på ein epistel av Karen Thisted og kva som skjedde den gongen ho hadde med seg kamera og lyd og to gjester – forfattaren Jussi Adler Olsen og hjerneforskaren Peter Lund Madsen i ein biltur. Det skjedde eit mirakel på denne turen, skriv Thisted og fortel at dei tre kom tett inn under huda på kvarandre. Hendinga fekk henne til å innsjå at samtalar mellom menneske er mykje meir betydningsfullt for sjela og velværet, enn det ho hadde førestelt seg! Einsame menneske, seier ho, unge som gamle – og så tar ho seg i det: ja, det gjeld også berre menneske i det allmenne, har ikkje i dette oppjaga samfunnet mulegheit for å snakka djupt og ope med andre menneske. Ho hugsar sjølv eldre tider, då ein hadde presten og kanskje også legen til slike ting.

I dag veit eg, skriv Karen Thisted, at dei ekte møta mellom framande menneska kan skapa så djup glede og fred i sinnet, at ho kjende seg reinsa då ho sa farvel til dei to mennene, som ho nok aldri kjem til å møta igjen i eit lukka rom på fire hjul. Og så i timevis!

Eit fantastisk eksempel på positiv gjenklang.

17. desember 2016

(4) Kva er så kjærleik?



No når ein har kome til at det er ei kjensle, som kjennest uforskamma godt, og som kan endra medvitet ditt. I kjærleiksmodus legg ein også mindre vekt på skilnadar. Eller som Barbara Fredrickson seier det: «Kjærlighet er den døgnflueaktige og dyrebare åpenheten som svulmer i brystet ditt, ikke en kostbar sten du bærer på ringfingeren.»  Kjærleiken ekskluderer ikkje, og den er nær over alt, fordi det handlar om kontakt. Kjærleik blømer nesten når som helst når to eller fleire menneske – sjølv framande – blir knytt saman av ei svak eller positiv kjensle, skriv Barbara.

Det som skjer når det oppstår kjærleik, er ei mellombels oppbløming av tre hendingar. Det første er éi eller fleire positive kjensler som oppstår mellom deg og ein annan. Det andre er eit samspel mellom biokjemi og oppførsel. Det tredje er at det oppstår eit ønskje om å bidra til velvære hjå kvarandre, noko som fører til gjensidig omsorg.

Barbara kallar resultatet av desse tre POSITIV GJENKLANG. Det skjer i og mellom dei involverte personane, og det skjer i synkroniserte rørsler. I positiv gjenklang vil det då vera augeblinkar som reflekterer og utvidar din eigen sinnstilstand. Du/de vil sjå ting som elles ville vera skjult, og det er berre kjærleiken som skapar denne djupe resonansen som gir kraftfulle, styrkande augeblinkar. Og som Barbara etter kvart skal syna oss: kroppen vår er skreddarsydd for å ta denne krafta i bruk!

Me er vant til å tenkja på kjensler som private, men tanken om positiv gjenklang utfordrar denne tankegangen om at det finst noko som heiter «private» kjensler, seier Barbara. Kjærleik høyrer nemleg til i samspelet mellom to eller fleire lekamar. Og det finst føresetnadar som må vera til stades og som ein kan kalla grunnmuren i kjærleiken. Det er her Barbara påpeikar at kjærleiken ikkje er vilkårslaus, det må vera noko som må liggja til rette for at den kan oppstå.

Det første er tryggleik! Utryggleik er definitivt første hinder for å oppleva kjærleik. Ho kjem meir inn på det seinare. Den andre grunnmuren heiter samvær. For at kjærleik skal kunna oppstå så må det liggja til rette for eit genuint, fysisk samvær med eit anna levande menneske. Ei dårleg nyheit for dei som driv med slikt: kroppen vår er ikkje skapt for langdistanseforhold! Kroppen vår tørstar nemleg etter augneblinkar av samstemthet, det å vera på same biologiske bølgjelengde med vener/framande.

Kva er så nøkkelen til denne kontakten?
Augekontakt!
Forskarar har funne at dette er den viktigaste metoden sansane våre nyttar for å knyta oss til andre. Sjølvsagt er det også andre ting som kan ha effekt, som berøring, stemmebruk og kroppsspråk. Augo trekk til seg smil, men smil kan bety så mykje. Paul Ekman heiter ein mann som har funne at menneskeslekta har 50 ulike typar smil å bruka. Lett å bli forvirra her altså, av kva som ligg i ein (enkel?) liten smil. Det er her augekontakt kan hjelpa oss til å forstå smilen. Augekontakt er altså ein nøkkel som opnar for intuisjonens visdom og ein smil hos andre utløyser hjerneaktivitet hjå deg, og dermed kan du også tolka blikket betre.

Alt dette kan føra til gjensidig flyt, at ved å nå kvarandre via augo og smil, så føler ein det same. Intersubjektivitet heiter det på fagspråket. Nokon vil kanskje forklara det med forståing? Men det blir litt for snevert, synest Barbara, dette er nemleg snakk om KJÆRLEIK! Og små kjærlege augeblinkar som dette er det som utgjer den essensielle ingrediensen som flesteparten av oss i den moderne verda diverre er underernært på.

Men kva så med smilen? Mange har også sett på det som først og fremst eit andletsuttrykk som seier noko om den indre stemninga hjå den som sender frå seg smilen. I forskinga er ein no blitt meir merksam på kva som skjer hjå den som er mottakar av ein smil. Det kan  nemleg utløysa positive kjensler i personen som møter blikk til den smilande personen. Slik oppstår kontakt mellom to smilande. Smilen har altså oppstått for å leggja til rette for positiv gjenklang, altså å skapa kjærleik.

Sjekk deg sjølv i kvardagen din; du hastar trulegvis frå det eine til det andre, med eitt eller anna mål i sikte. Tida me lev i gjer det vanskeleg å etablera kontakt. Men me er altså skapt for kjærleik og det å knyta band handlar om å få tilfredsstilt hungeren etter positiv gjenklang som stammar frå djupt inni deg.

Barbara poengterer at denne positive gjenklangen kan skje i alle menneskelege møte, også i møte med framande. Men kva då med våre nærmaste? Det fine med å ha folk nær seg, er at ved å tilbringa meir tid saman, aukar sjansane for å dela små augneblinkar av positiv gjenklang. I intime forhold møtest ein også i ei gjensidig stadfesting som inneber tillit og også det at ein har ei felles fortid.

I mitt prosjekt Jakta på Gudegneisten er små babyar til stor inspirasjon. Sjå på dei små korleis dei er på evig jakt etter augekontakt. Og korleis dei held blikket ditt når du først er fanga. Tenk at dei der og då fyller på systemet sitt med kjærleik! Den frydefulle iveren når du sender dei ein smil i tillegg. Babyar, seier Barbara, er tillitsfulle og opne, sultne på kontakt. Gjennom å søkja blikkontakt synkroniserer dei rørsler. Så veit me at det er små barn som ikkje har desse erfaringane, noko gjekk veldig galt i dette forsøket på å skapa positiv gjenklang. Ho nemner foreldre som kan ha fødselsdepresjonar. Ein depresjon inneber ein mangel i det positive kjenslesystemet, seier Barbara. Ein deprimert omsorgsperson kan kanskje sørgje for at barnet får mat og nok søvn. Men møtet med ein deprimert omsorgsperson er for babyen som å få lagt eit tungt blyteppe over ein kvar gneist. Det blir ikkje positiv gjenklang nok til at barnet får eit rom å utvikla seg i. Det er ikkje eit bra rom å synkronisera kjensler i, rett og slett. Skadane dette fører til hjå barnet er mange, skriv Barbara. Det misser evna til å forstå symbol, likeleis evna til empati og det å akseptera perspektivet til andre menneske. Viktigast er kanskje at evna til sjølvregulering blir liten. Sjølvregulering inneber mellom anna evna til å kontrollera og kanalisera kjensler.

Kva så med kjærleikspara? Her også må det leggjast til rette for at nye små magiske augneblinkar kan oppstå heile tida, seier Barbara. Det syner seg at par som gjer nye spanande ting saman, har det betre i ekteskapa.

Me nærmar oss slutten på kapittel 2. Band varer, kjærleik ikkje, påstår Barbara. Gjennom desse nye brillene ser du ting som du tidlegare bokstavleg tala var blind for. Små augneblinkar av kjærleik skapar ustoppelege bølgjer i sosiale nettverk. Kjærleik er noko anna enn langvarige forhold. Kjærleiken tåler ei oppgradering. Seier Barbara Fredrickson.

I neste kapittel tar ho oss med til kjærleikens biologi. At me er skapt for kjærleik opnar nye rom for meg. Det er ein jobb å koma seg forbi det punktet i skamkjensla som seier at ein berre ønskjer merksemd. Slik eg no er god og mett fordi fordøyelsessystemet har fått litt å jobba med etter ein fin laurdagsfrukost på Dan Hostel i København, skal eg no ut og sørgja for at kjenslesystemet får den næringa det treng.

Eg likar jo å tenkja at eg har næringsvett!

16. desember 2016

(3) Hjelp – det er ein (nesten) naken mann på rommet mitt!



Og det er litt uvanleg – for dei som kjenner meg. Eg har liksom ikkje for vane å vera i rom med avkledde menn. Men då eg førebudde denne reisa til København for å testa ut tesane i Barbara Fredrickson si bok, bestemte eg meg for å ta inn ein plass å sova der alt låg til rette for kontakt med andre menneske. Altså ikkje eit einerom på eit hotell, men ein vandreheim – der eg bestilte plass på ein sovesal. At det var næraste nabo til der eg tidlegare har budd i København, gjorde jo valet enkelt.

Bestillinga gjekk så greitt som det plar gjera i desse internettider, eg fekk nøkkel til rommet, opna døra, og der møtte eg på ein mann. Eh, han såg vel på blikket mitt at eg lurte på om eg hadde kome feil. Mixed room, sa han berre. Og eg sa (sjølvsagt) – ok! Så slik er det på rommet mitt: tre kvinner og tre menn. Det einaste me gjer der, er stort sett å sova. Desse tankane om interaksjon gjeld altså ikkje heilt for dette rommet, men ein blir opptatt av ikkje å gjera noko som gjer at andre blir forstyrra, kjenner eg. Det er fint. Og så er det altså denne unge mannen som har ei slags glede av å sprada rundt i underbuksa. Kva er forresten den lukta på den sjampoen han brukar??? Det verste er vel at det er ein som snorkar så fælt. Men med gode remedium i øyrene, så går faktisk det også.

Eg har ikkje lyst å bli eit 50 pluss-menneske som har lagt seg til så mange uvanar at ho ikkje kan ha andre menneske nært inn på livet. Kjenner at eg har bestått prøven så langt.
Dan Hostel har forresten ein fin bar der store og små samlast, og eg testar ut alt eg har lært av Barbara om kva som kan bidra til positiv gjenklang. Det eg likar best ved det, er det potensialet som ligg i det. For viss det er slik ho skriv, så er det potensiale for eit kjærleiksmøte med alle dei menneska som er her. Har ikkje kjent på einsemda. Det er overveldande fint.