Frisk og utkvilt vaknar eg til ein fantastisk fuglekonsert utafor rommet. Det same møter meg om kvelden etter ein ny dag med masse inntrykk, ny kunnskap og endå meir sjelefred. God idé viser det seg å ha eit utgangspunkt for dagsturar.
Rute 2 er svart på kartet, og den bornholmske biletkunsten er første mål, i det fine Bornholm kunstmuseum. Olav Høst er den store målaren frå Bornholm.
Så er dei litt søte, desse danskane. Det er jo så flatt her, men Bornholm har noko som minnar om fjell i nord, og ved sida av kunstmuseet ligg Helligdomsklippene, visstnok ei fabelaktig kyststrekning. Og det er jo flott det vesle eg ser, men har nok sett det meier fabelaktig i Norge.
Då er det meir stas over Hammershus, nesten heilt nord på øya. Dette er Nordeuropas største borgruin, og den får fantasien i sving.
I byane Sandvig og Allinge, som med tida har smelta saman til to, er det berre å nyta å rusla rundt i eit herleg stykke Danmark. Eg dumpar oppi ein marknad nede på Strandpromenaden, og lurer på kven i all verda som kjøper dette skramleriet? I Allinge er det jazzfestival og det høyrest ut som om publikum klappar der dei skal.
10 dagar på ferie - som eit lite liv i miniatyr.