Det fine med å reisa bort og vekk frå den
vanlege tralten der veldig mange ting eigentleg tar opp mykje tid, er at ein
får tid til å gå gjennom noko så prosaisk som gamle notat. Dette året har eg
lese ein del litteratur om Arne Næss og gjennom det også fått tilgang til ein del
tekstar av filosofen Spinoza, som levde på 1600-talet. Boka Et liv av Truls Gjefsen er ein fin
inngang til Arne Næss sitt liv. Det er i denne boka eg finn dette sitatet:
«Den naturen som Gud utfolder seg i er
også en skapende natur. Alt levende søker å realisere sitt innerste
vesen, gjør vi det ikke utvikler vi passive affekter som låser oss og gjør oss
ulykkelige. Når vi derimot lykkes i å omforme passive affekter til aktive føler
vi en dyp glede, vi er på vei mot den selvrealisering som gjør oss frie,
paradoksalt nok, for den handler om å handle utfra det nødvendige i vår natur.»
Eg legg også merke til at Næss sine
kritikarar påpeikar det påfallande i korleis Næss definerer bort gud og det
djupt religiøse hjå Gandhi, som Næss også var inspirert av, og Spinoza. Men
Næss var opptatt av korleis liva til desse og tekstane deira kunne hjelpa han i
leitinga etter sanninga, og då særleg den frigjerande sanninga om vår plass i
økologien.
Det er dette Jakta på Gudegneisten handlar
om, tenkjer eg. At me må få tilgang til dette inste vesenet i vår natur, som
også Barbara Fredrickson hjelper oss til på sin måte.
Alt heng saman med alt, som Gro ville ha
sagt.