I Jakta på
Gudegneisten her i København blir alle sansar opna når ein er først er i gang
med eit slikt prosjekt. I dag tok eg sekken fatt og vandra til Christiania,
denne fristaden i København. Det gjer så godt å rusla rundt her, etter at eg i
går forvilla meg inn på eit varehus overfylt av TING og tenkte i mitt stille
sinn: Kva i all verda er det me held på med?
Men altså
Christiania og ein kikk gjennom dagens aviser. Då er livet fint! I Ekstra
Bladet fell merksemda på ein epistel av Karen Thisted og kva som skjedde den gongen ho hadde med seg kamera og lyd og to gjester –
forfattaren Jussi Adler Olsen og hjerneforskaren Peter Lund Madsen i ein biltur.
Det skjedde eit mirakel på denne turen, skriv Thisted og fortel at dei tre kom
tett inn under huda på kvarandre. Hendinga fekk henne til å innsjå at samtalar
mellom menneske er mykje meir betydningsfullt for sjela og velværet, enn det ho
hadde førestelt seg! Einsame menneske, seier ho, unge som gamle – og så tar ho
seg i det: ja, det gjeld også berre menneske i det allmenne, har ikkje i dette
oppjaga samfunnet mulegheit for å snakka djupt og ope med andre menneske. Ho
hugsar sjølv eldre tider, då ein hadde presten og kanskje også legen til slike
ting.
I dag veit eg,
skriv Karen Thisted, at dei ekte møta mellom framande menneska kan skapa så
djup glede og fred i sinnet, at ho kjende seg reinsa då ho sa farvel til dei to
mennene, som ho nok aldri kjem til å møta igjen i eit lukka rom på fire hjul.
Og så i timevis!
Eit fantastisk
eksempel på positiv gjenklang.