No når ein har
kome til at det er ei kjensle, som kjennest uforskamma godt, og som kan endra
medvitet ditt. I kjærleiksmodus legg ein også mindre vekt på skilnadar. Eller
som Barbara Fredrickson seier det: «Kjærlighet er den døgnflueaktige og
dyrebare åpenheten som svulmer i brystet ditt, ikke en kostbar sten du bærer på
ringfingeren.» Kjærleiken ekskluderer
ikkje, og den er nær over alt, fordi det handlar om kontakt. Kjærleik blømer
nesten når som helst når to eller fleire menneske – sjølv framande – blir knytt
saman av ei svak eller positiv kjensle, skriv Barbara.
Det som skjer
når det oppstår kjærleik, er ei mellombels oppbløming av tre hendingar. Det
første er éi eller fleire positive kjensler som oppstår mellom deg og ein annan.
Det andre er eit samspel mellom biokjemi og oppførsel. Det tredje er at det
oppstår eit ønskje om å bidra til velvære hjå kvarandre, noko som fører til
gjensidig omsorg.
Barbara kallar
resultatet av desse tre POSITIV GJENKLANG. Det skjer i og mellom dei involverte
personane, og det skjer i synkroniserte rørsler. I positiv gjenklang vil det då
vera augeblinkar som reflekterer og utvidar din eigen sinnstilstand. Du/de vil
sjå ting som elles ville vera skjult, og det er berre kjærleiken som skapar denne
djupe resonansen som gir kraftfulle, styrkande augeblinkar. Og som Barbara
etter kvart skal syna oss: kroppen vår er skreddarsydd for å ta denne krafta i
bruk!
Me er vant til
å tenkja på kjensler som private, men tanken om positiv gjenklang utfordrar denne
tankegangen om at det finst noko som heiter «private» kjensler, seier Barbara.
Kjærleik høyrer nemleg til i samspelet mellom to eller fleire lekamar. Og det
finst føresetnadar som må vera til stades og som ein kan kalla grunnmuren i
kjærleiken. Det er her Barbara påpeikar at kjærleiken ikkje er vilkårslaus, det
må vera noko som må liggja til rette for at den kan oppstå.
Det første er
tryggleik! Utryggleik er definitivt første hinder for å oppleva kjærleik. Ho
kjem meir inn på det seinare. Den andre grunnmuren heiter samvær. For at
kjærleik skal kunna oppstå så må det liggja til rette for eit genuint, fysisk
samvær med eit anna levande menneske. Ei dårleg nyheit for dei som driv med
slikt: kroppen vår er ikkje skapt for langdistanseforhold! Kroppen vår tørstar
nemleg etter augneblinkar av samstemthet, det å vera på same biologiske bølgjelengde
med vener/framande.
Kva er så
nøkkelen til denne kontakten?
Augekontakt!
Forskarar har
funne at dette er den viktigaste metoden sansane våre nyttar for å knyta oss
til andre. Sjølvsagt er det også andre ting som kan ha effekt, som berøring,
stemmebruk og kroppsspråk. Augo trekk til seg smil, men smil kan bety så mykje.
Paul Ekman heiter ein mann som har funne at menneskeslekta har 50 ulike typar
smil å bruka. Lett å bli forvirra her altså, av kva som ligg i ein (enkel?)
liten smil. Det er her augekontakt kan hjelpa oss til å forstå smilen.
Augekontakt er altså ein nøkkel som opnar for intuisjonens visdom og ein smil
hos andre utløyser hjerneaktivitet hjå deg, og dermed kan du også tolka blikket
betre.
Alt dette kan
føra til gjensidig flyt, at ved å nå kvarandre via augo og smil, så føler ein
det same. Intersubjektivitet heiter det på fagspråket. Nokon vil kanskje
forklara det med forståing? Men det blir litt for snevert, synest Barbara,
dette er nemleg snakk om KJÆRLEIK! Og små kjærlege augeblinkar som dette er det
som utgjer den essensielle ingrediensen som flesteparten av oss i den moderne
verda diverre er underernært på.
Men kva så med
smilen? Mange har også sett på det som først og fremst eit andletsuttrykk som
seier noko om den indre stemninga hjå den som sender frå seg smilen. I
forskinga er ein no blitt meir merksam på kva som skjer hjå den som er mottakar
av ein smil. Det kan nemleg utløysa
positive kjensler i personen som møter blikk til den smilande personen. Slik
oppstår kontakt mellom to smilande. Smilen har altså oppstått for å leggja til
rette for positiv gjenklang, altså å skapa kjærleik.
Sjekk deg sjølv
i kvardagen din; du hastar trulegvis frå det eine til det andre, med eitt eller
anna mål i sikte. Tida me lev i gjer det vanskeleg å etablera kontakt. Men me
er altså skapt for kjærleik og det å knyta band handlar om å få tilfredsstilt
hungeren etter positiv gjenklang som stammar frå djupt inni deg.
Barbara
poengterer at denne positive gjenklangen kan skje i alle menneskelege møte,
også i møte med framande. Men kva då med våre nærmaste? Det fine med å ha folk
nær seg, er at ved å tilbringa meir tid saman, aukar sjansane for å dela små
augneblinkar av positiv gjenklang. I intime forhold møtest ein også i ei
gjensidig stadfesting som inneber tillit og også det at ein har ei felles
fortid.
I mitt prosjekt
Jakta på Gudegneisten er små babyar til stor inspirasjon. Sjå på dei små
korleis dei er på evig jakt etter augekontakt. Og korleis dei held blikket ditt
når du først er fanga. Tenk at dei der og då fyller på systemet sitt med
kjærleik! Den frydefulle iveren når du sender dei ein smil i tillegg. Babyar,
seier Barbara, er tillitsfulle og opne, sultne på kontakt. Gjennom å søkja
blikkontakt synkroniserer dei rørsler. Så veit me at det er små barn som ikkje
har desse erfaringane, noko gjekk veldig galt i dette forsøket på å skapa
positiv gjenklang. Ho nemner foreldre som kan ha fødselsdepresjonar. Ein depresjon
inneber ein mangel i det positive kjenslesystemet, seier Barbara. Ein deprimert
omsorgsperson kan kanskje sørgje for at barnet får mat og nok søvn. Men møtet
med ein deprimert omsorgsperson er for babyen som å få lagt eit tungt blyteppe
over ein kvar gneist. Det blir ikkje positiv gjenklang nok til at barnet får
eit rom å utvikla seg i. Det er ikkje eit bra rom å synkronisera kjensler i,
rett og slett. Skadane dette fører til hjå barnet er mange, skriv Barbara. Det
misser evna til å forstå symbol, likeleis evna til empati og det å akseptera
perspektivet til andre menneske. Viktigast er kanskje at evna til
sjølvregulering blir liten. Sjølvregulering inneber mellom anna evna til å
kontrollera og kanalisera kjensler.
Kva så med
kjærleikspara? Her også må det leggjast til rette for at nye små magiske
augneblinkar kan oppstå heile tida, seier Barbara. Det syner seg at par som
gjer nye spanande ting saman, har det betre i ekteskapa.
Me nærmar oss
slutten på kapittel 2. Band varer, kjærleik ikkje, påstår Barbara. Gjennom
desse nye brillene ser du ting som du tidlegare bokstavleg tala var blind for.
Små augneblinkar av kjærleik skapar ustoppelege bølgjer i sosiale nettverk. Kjærleik
er noko anna enn langvarige forhold. Kjærleiken tåler ei oppgradering. Seier
Barbara Fredrickson.
I neste
kapittel tar ho oss med til kjærleikens biologi. At me er skapt for kjærleik
opnar nye rom for meg. Det er ein jobb å koma seg forbi det punktet i
skamkjensla som seier at ein berre ønskjer merksemd. Slik eg no er god og mett
fordi fordøyelsessystemet har fått litt å jobba med etter ein fin
laurdagsfrukost på Dan Hostel i København, skal eg no ut og sørgja for at
kjenslesystemet får den næringa det treng.
Eg likar jo å
tenkja at eg har næringsvett!