Og det er litt
uvanleg – for dei som kjenner meg. Eg har liksom ikkje for vane å vera i rom
med avkledde menn. Men då eg førebudde denne reisa til København for å testa ut
tesane i Barbara Fredrickson si bok, bestemte eg meg for å ta inn ein plass å
sova der alt låg til rette for kontakt med andre menneske. Altså ikkje eit
einerom på eit hotell, men ein vandreheim – der eg bestilte plass på ein
sovesal. At det var næraste nabo til der eg tidlegare har budd i København,
gjorde jo valet enkelt.
Bestillinga
gjekk så greitt som det plar gjera i desse internettider, eg fekk nøkkel til
rommet, opna døra, og der møtte eg på ein mann. Eh, han såg vel på blikket mitt
at eg lurte på om eg hadde kome feil. Mixed room, sa han berre. Og eg sa
(sjølvsagt) – ok! Så slik er det på rommet mitt: tre kvinner og tre menn. Det
einaste me gjer der, er stort sett å sova. Desse tankane om interaksjon gjeld
altså ikkje heilt for dette rommet, men ein blir opptatt av ikkje å gjera noko
som gjer at andre blir forstyrra, kjenner eg. Det er fint. Og så er det altså
denne unge mannen som har ei slags glede av å sprada rundt i underbuksa. Kva er
forresten den lukta på den sjampoen han brukar??? Det verste er vel at det er
ein som snorkar så fælt. Men med gode remedium i øyrene, så går faktisk det
også.
Eg har ikkje
lyst å bli eit 50 pluss-menneske som har lagt seg til så mange uvanar at ho
ikkje kan ha andre menneske nært inn på livet. Kjenner at eg har bestått prøven
så langt.
Dan Hostel har
forresten ein fin bar der store og små samlast, og eg testar ut alt eg har lært
av Barbara om kva som kan bidra til positiv gjenklang. Det eg likar best ved
det, er det potensialet som ligg i det. For viss det er slik ho skriv, så er
det potensiale for eit kjærleiksmøte med alle dei menneska som er her. Har
ikkje kjent på einsemda. Det er overveldande fint.