Årets
premierefilm for oss, etter at me hadde kava oss gjennom snøstormen på veg til
flybussen og etter kvart fram til det staselege Hålogaland Teater. Berre det å
gå inn i den høgreiste vestibylen fyller ein med den ærefrykta ein bør kjenna på
når ein er klar for den 27. TIFF-festivalen i rekka.
Ein høyrer
ordet Gaza og alle tv-bileta med samanrasa bygningar flimrar forbi det indre
auget. Eller ein har eit minne om legen Mads Gilbert som rapporterer frå ein
utbomba by. Dei same ruinhaugane møter oss i denne tyske dokumentarfilmen. Men
så har dei eit aktivum som dei søkjer til, mange av dei som bur i denne
innestengte byen, nemleg ei herleg strand, med ville bølgjer som mange har lært
seg å temma med surfebretta sine.
Abu Jayab
heiter han som har lært opp dei fleste surfarane. Livet hans er ved denne
stranda, slik det var for faren hans, og slik det kjem til å vera med sonen
hans. Sona dei kan fiska innanfor blir mindre og mindre, og dette går utover
inntektene. Han snakkar om håp, men har mista trua. Kan nokon vera snill og
hjelpa meg med kor eg kan leita etter dette håpet, spør han. Jayab har laga seg
eit miljø her ved stranda, der menn samlar seg og drikk te. Surfebretta er det
mest dyrebare han har. Som han seier, surfebretta er meir dyrebare enn barn!
For surfebretta får du ikkje tilbake om dei blir øydelagde eller forsvinn, men
viss du mister eit barn, er det berre å gifta seg på ny og få nye barn.
I bølgjene ved
Gaza-stripa får innbyggjarane kjenna på fridomen, kanskje best gjort synleg
gjennom den unge jenta Sabah. Tradisjonen seier at barn skal lærast opp, og ein
veldig stolt far lærer henne opp på surfebrettet. Ho blir til og med intervjua
av The Guardian. Vel ute på havet tar ho av seg skautet og set på seg ein caps.
Den blir vanskeleg å halda styr på, så ho tar den også av og håret flagrar i
vinden og augo strålar. Vel inne på stranda har det samla seg massevis av
jenter, tildekka, dei kan ikkje venta på å få ta til seg denne erfaringa gjort
av ei jente som dei sjølv. Når Sabah blir gift, er ikkje surfebrettet lenger
tilgjengeleg for henne. Faren vil gjerne at ho skal halda fram, men ektemannen
kjem til å setja beina ned. Slik er det, ingenting å seia på det, seier Abu
Jayab.
Ibrahim er 23
år gamal og den tredje hovudpersonen i filmen. Han er ein av surfarane og har
eigentleg planar. Han tar oss med på eit utbomba tak og i hovudet er han i ferd
med å innreia eit rom – eit slags klubblokale for surfarane. Han ønskjer å læra seg å laga betre
surfebrett, eventuelt kjøpa nokon med seg frå Hawaii, der kameraten hans bur. Ibrahim får etter mange forsøk visum og reiser
til surfemekkaet Hawaii. Han følgjer interessert med og tileignar seg mykje
nytt, men har han håp nok til å byggja opp noko i Gaza? Reiser han tilbake?
I gatebiletet
kjem plutseleg ein hest gåande forbi. I neste augneblink snakkar Ibrahim med
kameraten sin på Skype. Microsoft- og Facebook-gründarane er gode for
milliardar, og ein forstår meir og meir korleis inntektene strøymer til. For
eit gullegg dei la; utvikla produkt som alle i verda MÅ ha!
På ein
arbeidsplass står to menn med ei armeringsstang mellom seg; dei prøver å retta
den opp ved hjelp av eit apparat. Ved sida av i ein haug ligg tusenvis av
liknande forkrøpla stenger.
Arbeidet med å
byggja opp att byen held fram.
Dei manglar håp
og fridom i Gaza.
Men mobiltelefon
har dei, og dei er på Facebook.