20. januar 2017

Film 3: Forever Pure



I ungdomen spela eg fotball, og fargane våre i Skjold var svart og kvitt. Det er som det opnar seg ein ekstra veg til minnelageret mitt når eg ser fotballag i desse fargane. Etter å ha sett Forever Pure har det gulsvarte draumebiletet blitt skitna til. For første gong fekk eg også sett ein fotballfilm på TIFF, men her var det ikkje kampen om lærkula som sto i sentrum. Tvert i mot. For her opplevde ein at heimelaget sine supporterar forlet tribuna då laget deira skåra mål!

Me blir invitert inn i garderobe og inn på tribuna til det israelske fotballaget Beitar Jerusalem F.C. Laget blei etablert i 1936 og er eit mildt sagt kontroversielt lag. Det er rart når fotballsongane du har eit sterkt forhold til blir brukt til strofer som «Me er det mest rasistiske laget i landet». Etter å ha følgt den delen av tilskodarane som svergar til denne høgrevridde rasismen, er ein ikkje lenger i tvil om at dei meiner det dei syng.

Som mange andre fotballag er Beitar eigd av ein styrtrik russar-israelar, Gaydamak, som synest at fotball er eit veldig tåpeleg spel. Men som veldig mange andre i historia til Beitar, så hadde han ein agenda med laget. Han såg den unike rolla klubben hadde og tenkte som så at viss eg brukar millionar av kroner på dette så vil folket her støtta meg i kampen om å bli borgarmeister (mayor) i Jerusalem. Han stilte til val, men fekk berre 3,6 prosent av røystene, og dermed var den draumen skrinlagt. Etter dette trakk han seg også litt tilbake frå laget.

Om det var i eit anfall av hemn eller andre ting han planla neste steg, skal vera usagt, men då han engasjerte seg igjen, så fekk han til ein venskapskamp i Tsjetsjenia mot eit lag med muslimar. Etter denne kampen blir det klart at den Gaydamak har signert to nye spelarar til Beitar, eller to muslimar som det blei omtalt i avisene. Dette var som å setja fyr på eit ulmande bål.

Den sympatiske keeperen og kapteinen til Beitar får melding frå laget sitt om at han må stilla på pressekonferansen med dei to nye spelarane og seia at laget skal ta imot dei med opne armar. Frå då er han dradd ned frå pidestallen og blir lagt til hat av dei rasistiske tilskodarane.

Herfrå er filmen eit skrekkeksempel på rasisme i fritt spelerom. Og det er altså når den eine av desse nye spelarane skårar sitt første mål, at det blir nok for dei høgrevridde jødane. Dei strøymer frå tribunane, i store tal. Dei neste kampane legg dei opp til boikott. Tribunane er nesten tomme, heile laget blir heilt sett ut når støtta frå tribuna er borte, og før den siste kampen er laget i fare for å rykka ned.

Eg reiste til Tromsø mellom anna for å koma litt bort frå ei verd der ein berre tenkjer på kvarandre som medlem av grupper. Her fekk eg ein skikkeleg nasestyvert. Det er så sterkt dette hatet, og så mange som ser seg tent med ikkje å ta tak i det (les: israelske politikarar).

Regissøren av filmen var forresten ei kvinne, Maya Zinshteln, som debuterte som spelefilmregissør med denne filmen. Men det var menn, berre menn, som gestalta hatet på tribuna.