Stavanger
Aftenblad spurde ein gong leiarane av ulike reiseselskap om kva for eit
reisemål, av alle dei stadene ein må tru dei hadde eit godt forhold til, dei
ville velja om dei berre fekk plukka fram eitt. Eg trur det var leiaren av
reiseselskapet Apollo som nemnte Montenegro. Måten ho omtala landet på, gjorde
at eg sette det opp på feriedrøymelista prompte, og då TIFF-programmet i år har
med ein film frå Montenegro, måtte den sjølvsagt inn på mitt program også!
Ivan
Marinović både regisserer og har skrive manus til filmen. Han er ung, fødd i
1984, og The Black Pin blei velt ut
som Montenegro sin kandidat til Oscar-kåringa. Dette er den første spelefilmen
hans.
Der Gaza Surf Club virrar rundt i støv og
utbomba gater, når ein ikkje er ute i havet på bølgjene, slår eit fantastisk
landskap imot oss i denne filmen. Det er så frodig, det er så grønt, og fjella
så majestetiske. Og så desse middelalderbygningane i stein som innbyr til
tradisjon og dei lange linjene.
I dette
landskapet bur og verkar presten Peter, med dement mor og ein son. Kvinnene
står i kø når Peter gir nattverd, han er ein likande mann, men sjølv går det
meste på autopilot for presten. Ei kvinne spør han om livet etter dette blir
betre enn det ho har no. Nei, seier Peter, har du hatt det dårleg i dette
livet, så blir det ikkje betre i det neste. Hans overordna synest også det går
litt trått med arbeidet hans og tilbyr han ei anna stilling på ei lita øy. Men
det kan han jo ikkje, som har ansvar for litt fleire enn seg sjølv.
Mennene i
landsbyen går så langt som å laga ei underskriftsliste med krav om at presten
må bort. Men desse har ein annan agenda, syner det seg. Eit britisk firma har
nemleg lyst på eigedomar i nærleiken, og Peter og mora sit på ein sentral del
av denne som dei må vera villege til å selja for at dei andre også skal få selt
sine. I denne kampen, og i kampen for si eiga prestestilling, vaknar Peter til
ein slags kamp. Den elles sindige presten er på grensa til hissig når sonen
meiner han bør selja fordi kameratane mobbar han fordi han går rundt med ein
utdaterte mobil. Provosert blir han når sonen vil kasta på båten ein eigedom
som slekta har brukt årevis på å skjøtta og stella på beste vis.
Så viklar
filmen seg ut, med mange flotte karakterar og nydeleg filma sekvensar. Gode råd
er aldri dyre. Når ei kiste syner seg å vera for stor for grava, så er det fram
med saga og kvitta seg med eine enden!
Sonen har
forresten ei god forklaring på korfor han velte faren og ikkje mora å bu hos
ved skilsmålet: Du var den beste kokken, dessutan var du den som var mest
borte!
Peter
klarer å koma fram til det punktet i livet der han finn ein slags gudegneist
igjen. Den roa i sjela han klarer å formidla i det siste biletet i filmen, tar
eg med meg ut i det vinterkledde Tromsø, akkompagnert av vemodig vakre
montenegriske songrøyster.
Les om The Black Pin på tiff.no.