19. januar 2017

Velkomen til TIFF Moments!



Endeleg peikar flyet mot nord igjen. SK4414 skal vidare til Longyearbyen, men eg og reisefølgjet skal hoppa av i Tromsø. Eg gjer det for fjerde gong på denne tida i januar, klar for vinterens vakraste eventyr.

Tromsø Internasjonale Filmfestival, TIFF blant vener, er alt inne i sitt 27 år. 130 filmar står på programmet i år og med verdikort på tolv filmar som utgangspunkt er programmet lagt fram til søndag. Billettane er printa ut og så langt er det berre tolv titlar som slår mot meg frå dei krittkvite arka. Men snart skal historiene skrida fram, fylla oss med menneskelege kjensler og skjebnar, slik berre filmmediet klarer.

Eg treng ei motvekt, kjenner eg, mot Trump og proteksjonisme og globalisering og grupper som blir sett opp mot kvarandre. Eg jaktar ein slags universell referanse i årets filmprogram, som del av Jakta på Gudegneisten-prosjektet mitt. Eg veit augneblinkane vil koma, det gjer dei alltid. Filmane skal ta meg verda rundt, og ønskjer du å vera med litt på reisa, så serverer eg TIFF Moments fleire gonger til dagen fram til søndag.

Så då er det berre å snurra film! Den første handlar om surfarar i Gaza!

PS: Eg har høve til å leggja inn ti e-postadresser i bloggløysinga mi. Viss du gir meg eit vink kan du bli éin av desse, og då får du melding på e-post kvar gong eg publiserer ein bloggpost!