21. januar 2017

Film 4: Christine



Mange av filmane eg har sett så langt på TIFF, er samtidsportrett, og mobilen har sin nyvunne dominerande plass i folk sine liv. Her er me tilbake i Florida på 1970-talet. Tv-reporteren Christine har ein skrivemaskin på rommet sitt, ho redigerer tv-reportasjane sine med store beist av nokon tekniske maskinar. Det var meir enn nok nostalgi å kosa seg med her, med andre ord.

Christine arbeider på ein lokal tv-stasjon og ønskjer å laga viktige saker, men det sjefen vil er å invitera innbyggjarar som tar med seg hønene sine i studio.

Christine er dyktig i jobben sin, ho har tv-andlet. Når ho tørrtrenar for seg sjølv i tv-studio ser ho for seg at ho har presidenten i den andre stolen.

Men ho er deprimert, og det har vore ein stad på vegen her at ho har stengd av alt som handlar om å bli sett som Christine, og ikkje berre ein dyktig fagperson. Ho er 29 år og jomfru. Ei sjølvsentrert mor bur hjå henne, og i eit angrep på henne forstår me at Christine på 29 framleis tenkjer på seg sjølv som eit barn som ønskjer mora si støtte. Når den ganske nye ankermannen i tv-nyheitene inviterer henne med på date, så er opplegget etter middagen å ta henne med på eit møte om transaksjonsanalyse. Han ser ho treng hjelp på ein måte.

Christine kjenner intense magesmerter. Ho trur det berre er stress. Eg tenkjer det er magen som gir melding om vegen ho må ta for å kunne leva med sitt eige eg. Men det er for mange stengsel, i henne sjølv, som blir spegla av folk rundt henne.

Arkeologane fortel oss at dei av og til kan finna tusen år gamle uspira frø når dei grev på felta sine. Eit frø utan godt jordsmonn spirer ikkje. Mennesket har i seg å uttrykkja seg, trur eg. Me er alle med og skaper, men denne gudegneisten kan for mange ha fått veldig dårleg jordsmonn. Det er ei så stor smerte for livet sjølv, at det nesten ikkje er til å bera.

Historia om Christine er basert på ei sann historie, det gjer slutten på filmen ekstra dramatisk.