20. januar 2017

Film 3: Forever Pure



I ungdomen spela eg fotball, og fargane våre i Skjold var svart og kvitt. Det er som det opnar seg ein ekstra veg til minnelageret mitt når eg ser fotballag i desse fargane. Etter å ha sett Forever Pure har det gulsvarte draumebiletet blitt skitna til. For første gong fekk eg også sett ein fotballfilm på TIFF, men her var det ikkje kampen om lærkula som sto i sentrum. Tvert i mot. For her opplevde ein at heimelaget sine supporterar forlet tribuna då laget deira skåra mål!

Me blir invitert inn i garderobe og inn på tribuna til det israelske fotballaget Beitar Jerusalem F.C. Laget blei etablert i 1936 og er eit mildt sagt kontroversielt lag. Det er rart når fotballsongane du har eit sterkt forhold til blir brukt til strofer som «Me er det mest rasistiske laget i landet». Etter å ha følgt den delen av tilskodarane som svergar til denne høgrevridde rasismen, er ein ikkje lenger i tvil om at dei meiner det dei syng.

Som mange andre fotballag er Beitar eigd av ein styrtrik russar-israelar, Gaydamak, som synest at fotball er eit veldig tåpeleg spel. Men som veldig mange andre i historia til Beitar, så hadde han ein agenda med laget. Han såg den unike rolla klubben hadde og tenkte som så at viss eg brukar millionar av kroner på dette så vil folket her støtta meg i kampen om å bli borgarmeister (mayor) i Jerusalem. Han stilte til val, men fekk berre 3,6 prosent av røystene, og dermed var den draumen skrinlagt. Etter dette trakk han seg også litt tilbake frå laget.

Om det var i eit anfall av hemn eller andre ting han planla neste steg, skal vera usagt, men då han engasjerte seg igjen, så fekk han til ein venskapskamp i Tsjetsjenia mot eit lag med muslimar. Etter denne kampen blir det klart at den Gaydamak har signert to nye spelarar til Beitar, eller to muslimar som det blei omtalt i avisene. Dette var som å setja fyr på eit ulmande bål.

Den sympatiske keeperen og kapteinen til Beitar får melding frå laget sitt om at han må stilla på pressekonferansen med dei to nye spelarane og seia at laget skal ta imot dei med opne armar. Frå då er han dradd ned frå pidestallen og blir lagt til hat av dei rasistiske tilskodarane.

Herfrå er filmen eit skrekkeksempel på rasisme i fritt spelerom. Og det er altså når den eine av desse nye spelarane skårar sitt første mål, at det blir nok for dei høgrevridde jødane. Dei strøymer frå tribunane, i store tal. Dei neste kampane legg dei opp til boikott. Tribunane er nesten tomme, heile laget blir heilt sett ut når støtta frå tribuna er borte, og før den siste kampen er laget i fare for å rykka ned.

Eg reiste til Tromsø mellom anna for å koma litt bort frå ei verd der ein berre tenkjer på kvarandre som medlem av grupper. Her fekk eg ein skikkeleg nasestyvert. Det er så sterkt dette hatet, og så mange som ser seg tent med ikkje å ta tak i det (les: israelske politikarar).

Regissøren av filmen var forresten ei kvinne, Maya Zinshteln, som debuterte som spelefilmregissør med denne filmen. Men det var menn, berre menn, som gestalta hatet på tribuna. 



Film 2: The Black Pin



Stavanger Aftenblad spurde ein gong leiarane av ulike reiseselskap om kva for eit reisemål, av alle dei stadene ein må tru dei hadde eit godt forhold til, dei ville velja om dei berre fekk plukka fram eitt. Eg trur det var leiaren av reiseselskapet Apollo som nemnte Montenegro. Måten ho omtala landet på, gjorde at eg sette det opp på feriedrøymelista prompte, og då TIFF-programmet i år har med ein film frå Montenegro, måtte den sjølvsagt inn på mitt program også!

Ivan Marinović både regisserer og har skrive manus til filmen. Han er ung, fødd i 1984, og The Black Pin blei velt ut som Montenegro sin kandidat til Oscar-kåringa. Dette er den første spelefilmen hans.

Der Gaza Surf Club virrar rundt i støv og utbomba gater, når ein ikkje er ute i havet på bølgjene, slår eit fantastisk landskap imot oss i denne filmen. Det er så frodig, det er så grønt, og fjella så majestetiske. Og så desse middelalderbygningane i stein som innbyr til tradisjon og dei lange linjene.

I dette landskapet bur og verkar presten Peter, med dement mor og ein son. Kvinnene står i kø når Peter gir nattverd, han er ein likande mann, men sjølv går det meste på autopilot for presten. Ei kvinne spør han om livet etter dette blir betre enn det ho har no. Nei, seier Peter, har du hatt det dårleg i dette livet, så blir det ikkje betre i det neste. Hans overordna synest også det går litt trått med arbeidet hans og tilbyr han ei anna stilling på ei lita øy. Men det kan han jo ikkje, som har ansvar for litt fleire enn seg sjølv.

Mennene i landsbyen går så langt som å laga ei underskriftsliste med krav om at presten må bort. Men desse har ein annan agenda, syner det seg. Eit britisk firma har nemleg lyst på eigedomar i nærleiken, og Peter og mora sit på ein sentral del av denne som dei må vera villege til å selja for at dei andre også skal få selt sine. I denne kampen, og i kampen for si eiga prestestilling, vaknar Peter til ein slags kamp. Den elles sindige presten er på grensa til hissig når sonen meiner han bør selja fordi kameratane mobbar han fordi han går rundt med ein utdaterte mobil. Provosert blir han når sonen vil kasta på båten ein eigedom som slekta har brukt årevis på å skjøtta og stella på beste vis.

Så viklar filmen seg ut, med mange flotte karakterar og nydeleg filma sekvensar. Gode råd er aldri dyre. Når ei kiste syner seg å vera for stor for grava, så er det fram med saga og kvitta seg med eine enden!

Sonen har forresten ei god forklaring på korfor han velte faren og ikkje mora å bu hos ved skilsmålet: Du var den beste kokken, dessutan var du den som var mest borte!

Peter klarer å koma fram til det punktet i livet der han finn ein slags gudegneist igjen. Den roa i sjela han klarer å formidla i det siste biletet i filmen, tar eg med meg ut i det vinterkledde Tromsø, akkompagnert av vemodig vakre montenegriske songrøyster.

Les om The Black Pin på tiff.no.

19. januar 2017

Film 1: Gaza Surf Club



Årets premierefilm for oss, etter at me hadde kava oss gjennom snøstormen på veg til flybussen og etter kvart fram til det staselege Hålogaland Teater. Berre det å gå inn i den høgreiste vestibylen fyller ein med den ærefrykta ein bør kjenna på når ein er klar for den 27. TIFF-festivalen i rekka.

Ein høyrer ordet Gaza og alle tv-bileta med samanrasa bygningar flimrar forbi det indre auget. Eller ein har eit minne om legen Mads Gilbert som rapporterer frå ein utbomba by. Dei same ruinhaugane møter oss i denne tyske dokumentarfilmen. Men så har dei eit aktivum som dei søkjer til, mange av dei som bur i denne innestengte byen, nemleg ei herleg strand, med ville bølgjer som mange har lært seg å temma med surfebretta sine.

Abu Jayab heiter han som har lært opp dei fleste surfarane. Livet hans er ved denne stranda, slik det var for faren hans, og slik det kjem til å vera med sonen hans. Sona dei kan fiska innanfor blir mindre og mindre, og dette går utover inntektene. Han snakkar om håp, men har mista trua. Kan nokon vera snill og hjelpa meg med kor eg kan leita etter dette håpet, spør han. Jayab har laga seg eit miljø her ved stranda, der menn samlar seg og drikk te. Surfebretta er det mest dyrebare han har. Som han seier, surfebretta er meir dyrebare enn barn! For surfebretta får du ikkje tilbake om dei blir øydelagde eller forsvinn, men viss du mister eit barn, er det berre å gifta seg på ny og få nye barn.

I bølgjene ved Gaza-stripa får innbyggjarane kjenna på fridomen, kanskje best gjort synleg gjennom den unge jenta Sabah. Tradisjonen seier at barn skal lærast opp, og ein veldig stolt far lærer henne opp på surfebrettet. Ho blir til og med intervjua av The Guardian. Vel ute på havet tar ho av seg skautet og set på seg ein caps. Den blir vanskeleg å halda styr på, så ho tar den også av og håret flagrar i vinden og augo strålar. Vel inne på stranda har det samla seg massevis av jenter, tildekka, dei kan ikkje venta på å få ta til seg denne erfaringa gjort av ei jente som dei sjølv. Når Sabah blir gift, er ikkje surfebrettet lenger tilgjengeleg for henne. Faren vil gjerne at ho skal halda fram, men ektemannen kjem til å setja beina ned. Slik er det, ingenting å seia på det, seier Abu Jayab.

Ibrahim er 23 år gamal og den tredje hovudpersonen i filmen. Han er ein av surfarane og har eigentleg planar. Han tar oss med på eit utbomba tak og i hovudet er han i ferd med å innreia eit rom – eit slags klubblokale for surfarane.  Han ønskjer å læra seg å laga betre surfebrett, eventuelt kjøpa nokon med seg frå Hawaii, der kameraten hans bur.  Ibrahim får etter mange forsøk visum og reiser til surfemekkaet Hawaii. Han følgjer interessert med og tileignar seg mykje nytt, men har han håp nok til å byggja opp noko i Gaza? Reiser han tilbake?

I gatebiletet kjem plutseleg ein hest gåande forbi. I neste augneblink snakkar Ibrahim med kameraten sin på Skype. Microsoft- og Facebook-gründarane er gode for milliardar, og ein forstår meir og meir korleis inntektene strøymer til. For eit gullegg dei la; utvikla produkt som alle i verda MÅ ha!

På ein arbeidsplass står to menn med ei armeringsstang mellom seg; dei prøver å retta den opp ved hjelp av eit apparat. Ved sida av i ein haug ligg tusenvis av liknande forkrøpla stenger.
Arbeidet med å byggja opp att byen held fram.

Dei manglar håp og fridom i Gaza.
Men mobiltelefon har dei, og dei er på Facebook.