13. juli 2013

Hagedag

Scenen: Ein stor, livgjevande hage på ein gard der det har vore liv sidan 1500-talet. Med sol frå blå himmel heile dagen, blei eg sitjande der, time etter time. Fordøya inntrykka frå ei flott veke på Bornholm, og samla krefter til fotballdagar i Kalmar. Har også eit mål om å koma i mål med spennande spionthriller av Frederick Forsyth.
...
Folk kjem til og frå, og i kveld var det hyggeleg selskap av Ragnhild frå Lofoten som studerte sjukepleie i tre og eit halvt år på Bornholm. Ho lærte meg endeleg tankegangen bak danskane sin femsar og tredsar, altså teljemåten.
...
Eg skal tilbake til Bornholm!

12. juli 2013

Dagstur bussrute 4 - Gudhjem og Hasle

På ferie vaknar ein opp kvar dag, og har så mange alternativ å velja mellom! Kunsten er å prioritera, og eg har det best når eg går i dybden. I dag har eg vandra i målaren Oluf Høst sitt rike. Og lært litt meir om biletkunst.

Fødd i Svaneke på Bornholm, var sjømann nokre år, men det var kunsten som interesserte han. Var lenge i København, men flytta etterkvart til Gudhjem, der han bygde ein heim som nå er museum. Sjeldan eg blir så betatt av bilete. Han var eit kjenslemenneske, opptatt av å finna dei stadene som kunne gje han ro. Og han fann seg mellom anna eit gardsrom, som han brukte som utgangspunkt for meir enn 100 bilete.

Ein flott film er laga om han og som dei viser i museet. Naturpsalmisten heiter den. Han brukte naturen til å gje uttrykk for kjenslene sine.

Kona Hedvig traff han i København, ho kom frå ein rik familie der, og ho hadde også talent som målar. Men ho måtte legga den karriera på hylla etterkvart. Og blei psykisk sjuk. Ho var ofte nede, grein mykje. Det tålte han ikkje.

Alt for kunsten.

11. juli 2013

Ein lat dag

Som ein også må ha på ferie. Eit museum måtte eg innom i Rønne, og elles følgte eg Norge sin første kamp i EM mot Island på norsk radio. For gale at me skulle misse sigeren i dei siste minutta, men heldigvis blei det uavgjort mellom Nederland og Tyskland også.
...
Dei to neste kampane til Norge får eg med meg i Kalmar!