16. desember 2016

(3) Hjelp – det er ein (nesten) naken mann på rommet mitt!



Og det er litt uvanleg – for dei som kjenner meg. Eg har liksom ikkje for vane å vera i rom med avkledde menn. Men då eg førebudde denne reisa til København for å testa ut tesane i Barbara Fredrickson si bok, bestemte eg meg for å ta inn ein plass å sova der alt låg til rette for kontakt med andre menneske. Altså ikkje eit einerom på eit hotell, men ein vandreheim – der eg bestilte plass på ein sovesal. At det var næraste nabo til der eg tidlegare har budd i København, gjorde jo valet enkelt.

Bestillinga gjekk så greitt som det plar gjera i desse internettider, eg fekk nøkkel til rommet, opna døra, og der møtte eg på ein mann. Eh, han såg vel på blikket mitt at eg lurte på om eg hadde kome feil. Mixed room, sa han berre. Og eg sa (sjølvsagt) – ok! Så slik er det på rommet mitt: tre kvinner og tre menn. Det einaste me gjer der, er stort sett å sova. Desse tankane om interaksjon gjeld altså ikkje heilt for dette rommet, men ein blir opptatt av ikkje å gjera noko som gjer at andre blir forstyrra, kjenner eg. Det er fint. Og så er det altså denne unge mannen som har ei slags glede av å sprada rundt i underbuksa. Kva er forresten den lukta på den sjampoen han brukar??? Det verste er vel at det er ein som snorkar så fælt. Men med gode remedium i øyrene, så går faktisk det også.

Eg har ikkje lyst å bli eit 50 pluss-menneske som har lagt seg til så mange uvanar at ho ikkje kan ha andre menneske nært inn på livet. Kjenner at eg har bestått prøven så langt.
Dan Hostel har forresten ein fin bar der store og små samlast, og eg testar ut alt eg har lært av Barbara om kva som kan bidra til positiv gjenklang. Det eg likar best ved det, er det potensialet som ligg i det. For viss det er slik ho skriv, så er det potensiale for eit kjærleiksmøte med alle dei menneska som er her. Har ikkje kjent på einsemda. Det er overveldande fint.

15. desember 2016

(2) Kjærleik - den ypparste kjensla



Då skal me i gang med boka til Barbara L. Fredrickson, Love 2.0 Kjærlighet i nytt lys.
Lengt er omgrepet ho brukar for å seia noko om korleis det kan kjennast å ikkje ha tilgang til kjærleik. Lengten i kroppen indikerer at noko manglar, og noko ganske essensielt også, for livskjensla som følgjer denne lengten er ofte rastløyse, einsemd og at ein kjenner seg ulukkeleg. Ein kan kjenna det fysisk, seier Barbara, og det er ikkje rart, fordi lengten inneber at kroppen manglar essensiell næring. For slik rikt jordsmonn og vann er det planter treng for å veksa, slik er kjærleik essensiell næring for cellene våre. Kjærleik då tenkt som genuin, positivt ladd kontakt med andre levande vesen. Det er dette som er utgangspunkt for forskinga hennar.

Kroppen vår er så viseleg innretta at den kan trekka oksygen frå lufta me pustar inn, og skilja ut næringsstoffa frå maten me et. På same måte er kroppen også skapt til å elska. Forskinga hennar inneber at me må tenkja heilt nytt om kva kjærleik er! For det er ikkje begjær, det er ikkje vilkårslaus kjærleik til familiemedlemer, bunden oppe av blodsbanda til slekta. Det er heller ikkje eit spesielt band som me knyt til ulike personar me har ulike relasjonar til. For når ein tar tak i kjærleikens vesen med utgangspunkt i perspektivet til kroppen, blir tosemda og dei pliktene ein har i høve til det, meir ein konsekvens av kjærleiken, enn kjærleik i seg sjølv.

Barbara ber oss forkasta fleire oppfatningar me kan ha om kjærleiken. Det gjeld mellom anna at kjærleik er noko som me berre kan kjenna i høve til nokon få/utvalte, at den er varig og at den er vilkårslaus.

Så draumen om ein varig kjærleik herfrå og inn i æva, meiner altså Barbara at me må seia nei til. For kjærleiken er flyktig. Men den gode nyheita er at den er fornybar i det uendelege! (Det er her eg blir freista til å kalla kjærleiken den nye olja, men held meg klokeleg unna slikt her.) Dessutan er det altså slik at kjærleiken famnar breitt, og at den er fylt av vilkår. Her slit eg litt, kjenner eg, for eg har lenge heva ei fane ganske høgt for å hevda at kjærleiken må vera vilkårslaus. Men som Barbara har kome fram til i forskinga si: Kjærleiken er ekstremt finstemt ovafor omgjevnadene me tilbyr den.

Det er vitskapen om positive kjensler som har ført Barbara Fredrickson over i Love 2.0. I denne forskinga har ho vist at augneblinkar med glede, latter, takksemd og håp kan setja i gong mektige krefter for vekst i livet. Slike kjensler gjer at du opnar deg, og dermed så ser du meir! Dette fører i neste omgang til at du blir meir fleksibel, meir i takt med menneska rundt deg, meir kreativ og klokare. Du får rett og slett fleire ressursar du kan ta med deg ut i samværet med andre menneske, og eit anna poeng er at du også endrar deg til det betre. «Broaden-and-build» har ho kalla desse to søylene i arbeidet sitt så langt. Og ordet ho brukar for å femna alt dette er positivitet.

Dette tar ho altså med seg vidare i diskusjonen av kva kjærleik er. Kulturen har jo mange uttrykk for kva kjærleik er. Me har alt vore litt inne på det. Det er dei heftige historiene om det altoppslukande begjæret. Eller om det eksklusive bandet mange hyllar kjærleiken inn i. For mange er det også plikta til lojalitet, og at det også handlar om vilkårslaus tillit. Barbara tenkjer at alt dette meir er hjørnesteinar i det bygget som reiser seg rundt kjærleiken, og ikkje kjærleiken i seg sjølv.

For kva er kjærleik, viss ein brukar definisjonen til kroppen?
Jo, då er kjærleik dei små augeblinkane av varme og kontakt som du deler med eit anna levande vesen. Sjølve kjensla kjærleik ligg også på eit litt anna plan enn glede og takksemd, meiner ho. Kjærleik er rett og slett den yppaste kjensla me har! Glede, takksemd og håp kan endrast til kjærleik når dei oppstår tett knytt til ein annan person, men dei er ikkje det same. Verknaden av kjærleik strekk seg mykje lenger enn dei andre kjenslene.

Fredrickson sin veg inn i dette har vore å kombinera vitskap om kjensler med vitskap om relasjonar. Det positive med relasjonar, er at det trekk deg ut av ei sjølvopptatt boble, og er du heldig kan du oppleva ei gjensidig interesse. Men Barbara meiner at dette gjensidige bandet også er dominert av at det er ein forbigåande tilstand.  Ho omtalar vegen vidare som litt tilfeldig, for sin eigen del. Ho hadde eit ønskje om å laga eit eksperiment der dei skulle måla langtidseffektane av positive kjensler. Dei hadde alt gjennomført eksperiment på korttidseffektane. Då var forsøkspersonane blitt utsett for ulike stimuli som musikk, film og overraskande godterigåver, men poenget med desse er at dei misser verknad når dei blir repetert.

Ho melde seg på eit tverrfagleg kurs og kom i kontakt med loving-kindness, noko som blir omtalt som ein av fire noble sanningar innanfor buddhismen. Resultata av meditasjonen og samhandlinga med andre var overveldande for forsøkspersonane. Utgangspunktet er altså at når du lærer deg å prioritera kjærleik og andre positive kjensler, vil du oppleva fleire slike kjensler.

Kjærleik er altså den tilbakevendande tilstanden som knyt deg – både kropp og sinn – til den sosiale veven, til kroppane og sinna til dei som omgir deg.

Dette er kapittel 1 oppsummert. Meir følgjer!

14. desember 2016

(1) Eit delprosjekt blir til

Eg jaktar på Gudegneisten. Prosjektet er lansert, om ikkje anna i mi eiga røynd. Og nokon av dykk som er rundt meg vil vita at det finst der ute - eller inne - som eit potensiale.

Jakta på Gudegneisten handlar også om å la ein idé få utvikla sitt potensiale.Og det handlar om at i den mørkaste avkroken i tilværet, er det éi kjensle, éin måte å møta verda på, som held dødsangsten borte.

For min del heiter denne kjensla entusiasmen. Ordet entusiasme har sin bakgrunn frå gresk, og den greske tydinga er "som har Gud i seg". Alt i livet mitt har handla om å få tilgang til denne entusiasmen. I det ligg også at det har vore mange ting som har hindra meg i å nå den. Derfor denne jakta. Fordi heile meg insisterte på at det var noko eg ikkje hadde tilgang til. Som eg hadde eit håp, og tru om at skulle vera der.

Eg hadde behov for ein luftetur, og ordna ein ny tur til favorittbyen København. Det forma seg eit lite delprosjekt då eg førebudde reisa, nemleg å laga eit lite feltstudium med bakgrunn i ei bok som har gjort sterkt inntrykk på meg. Det er Barbara L Fredrickson som har skrive den, ho er professor i psykologi ved Universitetet i Nord-Carolina. Boka heiter Love 2.0 Kjærlighet i nytt lys på norsk.

På smussomslaget er New Scientist sitert: "Denne boken kan forandre livet ditt. Alvorlig talt".

Med vitskapen som rettesnor snur Barbara opp ned på mange av dei vante førestellingane om kva kjærleik eigentleg er.

Eit viktig stikkord er positiv gjenklang. Som ein ikkje får gjennom nye likar-tilbakemeldingar på sosiale medium, men i dei analoge møta.

Dette består delprosjektet av denne veka i København: Eg skal leggja til rette for gode menneskemøte. Eg skal som eit lite barn finna blikk som eg kan festa meg ved, og sjå kva som skjer. Eg vil undersøkja om det er slik Fredrickson påstår, at ved å oppnå positiv gjenklang så kan eg kjenna det på kroppen. Og med det stilla lengta, på eit vis. Endeleg kjenna at eg er tilstades i min eigen kropp. At livet blir ei proaktiv, og ikkje reaktiv, greie. At livet handlar om å setja ting i rørsle. Positive ting i rørsle. Få tilgang til kjærleiken, ikkje berre som ein idé, men som erfaringar - i kroppen!

Undervegs denne veka blir det eit møte med boka  Love 2.0. Eg skal føra deg inn i vitskapen ho byggjer boka på. Vit at denne dama har blitt invitert to gonger av H.H. Dalai Lama for å fortelja om forskinga si!

Eg håpar denne reisa på bloggen inspirerer deg på din veg mot din gudegneist.

I entusiasmen er det ikkje plass til hat.

Om ikkje anna er det ein god grunn til å jakta på Gudegneisten.